mandag 4. mai 2009

Lukke er....

Lukka er mangfoldig. Nokon gonger er det små ting som gjer meg glad, nokon gonger er det store.
På ei tid i livet mitt, var eg redd eg aldri kom til å gleda meg over nokon ting att, men slik vart det heldigvis ikkje.
Menneska trur eg, har ei instinktiv evne til å gleda seg mykje over små ting.
Har du kjent kor det boblar i magen, om veret er strålande fint når du vaknar om morgonen,
kanskje ein har fri frå jobb, og dagen berre er din?
Då kan eg fryda meg:)
Berre sitja med ein kaffiskvett, og kjenna sola i ansiktet..
Eller kanskje verkeleg få jobba..?
Ordna hus og hage, bli sveitt og varm, og få det fint og reint rundt seg?
Det gler meg og..
Eller oppdaga fyrste kvitveisen?
Då blir eg nesten heilt andektig!

Eller å kjøpe seg noko fint. Ein engelsk pelargonium, ei ny brikke, eller ei søt korg til bestikk og serviettar?
Det å gleda seg over ting, er kanskje noko mange tykkjer verkar ganske overfladisk, men no gjer no eg eingong det. Mannen min skjønar det slett ikkje, og då må eg sei til han, at det heller ikkje er meiningen at han skal:)
Slik er det berre!
Så lenge ein ikkje handlar over evne, så er det greit.



Kasjmirgeitene mine, vart dønn lukkelege over grøne spirer og frisk luft!
Dei hoppa og dansa i bakkane, og når dei er glad - så blir jammen eg og glad!
Våren i seg sjølv er jo fantastisk, tenk at det finnst liv i kvsr ei grein og kvar ein kvist!
Tenk berre om du lyfter på ein stein, så er det jammen liv der og:)


Og tenk på, kor godt det er, å vera liten - og ha ein beste - som har tid til å setja seg ned,
og hjelpa til med å kasta steinar i ein kumme.
I timavis:)

Ha ei flott veke!









1 kommentar:

Rosa sa...

Åh, det var eit godt innlegg. Hjarta sokk rett i magen då eg såg bilete av besten som sat og kasta stein, for han minte veldig om min eigen bestefar, frå den tida han var heime på garden.

eg trur du er flink til å gle deg, over små ting og små episodar.

Ha ei god veke vidare!