torsdag 23. april 2009

Ei erkjenning...

Eg har ei erkjenning å koma med.
Eg er dønn materalist.
Eg elskar ting - og tang.
Eg vert lukkeleg av eit godt kjøp, og finn eg noko ekstra fint, så "flyt" eg på det i mange dagar.
Eg er av den sorten, som kan bruka dei siste kronene eg har på ei ny lommebok, og dermed ikkje ha noko å fylla i den..
Heldigvis, så kan eg og gleda meg slik over ting som er "nye" for meg..
Og på den måten kan eg heldigvis spara litt peng. Phu..
No skal eg gå og måla skåpet mitt, og så må eg hugsa å kjøpa batteri til kameraet mitt - så eg kan visa det fram etterpå..
Hm, og kanskje nokon andre ting eg har kjøpt..
Ha ein strålande dag:)

1 kommentar:

@afjo72 sa...

Hehe, er nok ikke bare deg som er av det slaget nei... :o)