onsdag 3. juni 2009

Huffsann...




Å få høve til å vera mor, er ein flott ting.
Eg fekk mitt fyrste barn då eg var atten år, og ting verka ganske enkelt - og det var det vel og på sett og vis..
Forventningane ein har til seg sjølv, vert større og større jo eldre ein er når det fyrste barnet kjem.
Eller det siste, eller som i mitt tilfelle DEI siste..
Å vera tvillingmor er ein heilt ny variant, og det er annleis og. Det er to babyar som kjem ut..
Ein må faktisk FØDA TO GONGER, og det er ikkje noko ein gjer med vellyst.. Svangerskapet er dobbelt så tungt, sjølv om babyane ofte er små, og ofte er svangerskapet over ein månads tid før termin, så ein mistar litt "førebuingstid".. I sist veke var eg på eit tvillingtreff. Det er nokon damer i bygda mi, som fekk tvillingar på "løpande band" ifrå mai til september same året, og der slenger eg meg med iblant.. Men det er berre eg som har einegga identiske gutar.
Set vanlegvis ikkje inn bilete av ungane sine fjes, men detta var litt tidige greier.. Like?
Ting har endra seg gjennom åra, eg har endra meg og.. Til hausten sender eg eldstejenta på ungdomskulen, og det blir ein ny milepel.. Men det er vel berre å henga med i svingane...
Skal prøva å oppdatera litt oftare, har eigentleg masse å blogga om, men i kveld var eg litt tom.. Ha ei fortsatt fin fin veke:)

1 kommentar:

Rosa sa...

Er du no heilt sikker på at det ikkje er same guten? ;) Det er rart, at det går an å verte SÅ like! Det kjem nok til å vere både morro og plagsomt for dei i overskueleg framtid :)