onsdag 25. desember 2013

Jolefred..


Så senker endeleg freden seg, etter jobb-
eit lass med pakker i fanget, og litt sjokolade. Alle er i seng, og mor pustar på ei lita stund i fred og ro.. God jol i myrkret<3

torsdag 12. desember 2013



Sjølv om det nermar seg jol, vart det berre naturlege grantre å syna fram..
Det blir vel tilstrekkeleg med glitter og stas på alle kantar:)
Eg prøver å styre meg i år.
I fjor, skreiv eg eit lite notat i boka mi.
"Til lags åt alle kan ingen gjera. Ro deg ned!"
Det skal eg gjera i år og.
Roa ned.
Hjå oss blir det ikkje sju sortar, men alle skal få pakke, sjølv om oppførselen ikkje alltid er optimal.
Det får me bruka neste år å få skikk på, og heller kosa oss i adventstida, med passe høge førjulskuldrer, og kanskje litt peng att på kontoen;)
God adventstid!

onsdag 5. desember 2012

Kaldt..

Ute er det kaldt og ufyseleg. Inne er det varmt, og me har tente ljos rundtom i stova. Helga nermar seg og med det, jolabord med sambygdingar i ei kjekk grend! I dag har me tid å steika eit tårn med pannekaker, og hugsa på at det er greit å senka skuldrene og spenna opp beina;)

søndag 2. desember 2012

Førjul

I dag vart det langtur og Putti Plutti Pott på oss.. Julestemning skrudd på max;)

lørdag 1. desember 2012

Desember

Det vanlege brannsåret vart erverva i går under pepperkakehusmontering.. Var nesten ferdig, og trudde eg gjekk klar - men den gong ei.. Blemma på tommeltotten som resultat. Høyrer visst jula til;) Ungane pynta så godt dei kunne og kosa seg med det. Så får me kosa oss med resultatet til over jol<3

fredag 30. november 2012

Fantastisk

No er det kome eit dryss med snø hjå meg. Alt er blitt så vakkert, og på tur i dag såg eg så mykje fint! Verda rundt oss er så flott! Men det mest utrulege i dag, var at eg HØYRDE ein fugl som flaug forbi.. Ikkje det at den kvitra, men stilla var så total at eg kunne høyra vingeslaga.. Alle kreftene i den vesle kroppen. Lyden av ein fugls ferd. Fantastisk! Håpar du oppdagar noko fantastisk og;)

torsdag 26. juli 2012

Sommaren kan kjennast evig lang når ein har fem ungar i hus.. Det gjeld å trekkja pusten, telja til ti - og håpa på at sola kikkar fram:)    (bilde frå pinterest - ein oase av inspirasjon)