No visar det seg, at kjellaren i umiddelbar nærheit og er ei lita oppkome!
Biletet over viser ei av MANGE små skuffer i skapet eg skreiv om for ei stund sidan.
Desverre står det lika fortvilande i kjellaren og ventar på maling enno, men - optimistisk som eg er, reknar eg med det snart kjem inn i varmen:)

Det har visst kome frå eit sjukehus dette skåpet, og dei små skuffene har vel vore brukt til medisin og ulike remediar. Mykje vart vel selt på hektoen og i den tida..
Før i tida var det faktisk apotek på sjukehuset i bygda mi, og innehavaren der var visstnok ein storrøykar.. Det skulle tatt seg ut på sjukehus i dag:)
Men, det var umogeleg å få skikkelig reint, så eg må male..
Forøvrig var vaskinga ein heller utrivelig opplevelse, for i ei skuff låg det ei dau mus i eit bol.
Heldigvis hadde eg kikka i samtlege skuffer på førehand, så eg hadde førebudd meg i nokon dagar.. Ikkje har eg fått musepest heller, så då får ein tru ein toler det..
Fy for ein hobby:)
Nykkelen er borte forlengst, og med to på halvanna og ei på tre og eit halvt, så er det ikkje aktuelt å fortsetja å bruka ein gamal støvel for å halda dørane på plass:)
Synst eg ser da, mor plukkar opp fjørten skuffer, fjørten gonger for dagen..? Phu..
Trur ikkje det nei.
Eg har fått pakka i posten, så det får bli neste innlegg:)
No skal eg faktisk på jobb!
Det er litt moro, og litt pyton, men mest utfordrande - og det er og noko ein treng, sant?
Dessutan er det noko innmari kjekt som kjem som konsekvens.
Lønn!
(som på neste trinn fører til fleire pakker i posten, he-he)
1 kommentar:
For eit kult skap!!
Og ja, ein form for låsemekanisme er nok heilt nødvendig. Syns eg ser det for meg der 3 små hiv skuffene utover medan mor ligg på kne og samlar dei saman medan ho riv seg i håret.
God vakt!
Legg inn en kommentar