Stort sett alltid regn, men ikkje denna gongen!
Her på dalen tok me feiringa litt på forskot alt på sundagen..
Full "fest" med duk og dekka bord i ungdomshuset.
Kaker, bollar og saft - og telegram både frå ordførar og konge!
Men kruna klødde og brura gret..
Og slik fekk eg eit lite blinkskot:)

Etter mat var det barnestafett og vaksenstafett.
Eg vart sendt ut med ertepose på hovudet, og det er slett ikkje lett..
Klarte med naud og neppe å smita meg unda kleshengar mellom knena.. Phu:)
Stolleiken vart vunnen av ei ganske snedig lite treårs gammal "sedla"..
Stolleiken vart vunnen av ei ganske snedig lite treårs gammal "sedla"..
Til stor applaus frå publikum:)
Der fann eg litt av kvart, deriblant denne vesle yndige pannen:)
Eg klarte ikkje gå ifrå den, og det går det vel an å skjøna?
To broderte dukar fekk vere med meg heim..
Og eit kjempelangt skjørt som min nyutsprungne tenåring trua hardt med å klyppa i SMÅBETAR (ho var veldig tydeleg) om ho såg ho mor koma med det på.
Eg syns no det var fint eg:)
Litt hippie gjer vel eigentleg kvardagen litt meir blomstrete og fargerik..
Og det er jo berre deiligt:)
Snart er det helg, og då er det 4H-leir her på dalen..
Så er det to dagar jobb i neste veke.
So ferie:)
Det skal iallefall bli knallgodt, YES!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar