Ute er det kaldt og ufyseleg. Inne er det varmt, og me har tente ljos rundtom i stova. Helga nermar seg og med det, jolabord med sambygdingar i ei kjekk grend! I dag har me tid å steika eit tårn med pannekaker, og hugsa på at det er greit å senka skuldrene og spenna opp beina;)
I eit hus i ein dal
Ein blogg om ting og tang.. Tankar og meiningar.. Hus, born, heim og hage..
onsdag 5. desember 2012
søndag 2. desember 2012
lørdag 1. desember 2012
Desember
Det vanlege brannsåret vart erverva i går under pepperkakehusmontering.. Var nesten ferdig, og trudde eg gjekk klar - men den gong ei.. Blemma på tommeltotten som resultat. Høyrer visst jula til;) Ungane pynta så godt dei kunne og kosa seg med det. Så får me kosa oss med resultatet til over jol<3
fredag 30. november 2012
Fantastisk
No er det kome eit dryss med snø hjå meg. Alt er blitt så vakkert, og på tur i dag såg eg så mykje fint! Verda rundt oss er så flott! Men det mest utrulege i dag, var at eg HØYRDE ein fugl som flaug forbi.. Ikkje det at den kvitra, men stilla var så total at eg kunne høyra vingeslaga.. Alle kreftene i den vesle kroppen. Lyden av ein fugls ferd. Fantastisk! Håpar du oppdagar noko fantastisk og;)
torsdag 26. juli 2012
lørdag 9. juni 2012
Attende?
Kan hende finn eg inspirasjon til å byrja att.. Funderingar og finurlegheiter med meg sjølv, og deg kan hende. Sommaren er lang, dagen er ung, og nettene er ljose. Det lovar vel godt?
fredag 13. januar 2012
Nyttår er overstått, og me står alle klare med blanke ark.
Klare til å teikna nye sider, av det som er kalla livet..
Det er lett å tenkja nytt no, når alt er så kvitt og stille rundt oss.
Kan hende er det sant, at fyrverkeriet skremmer vekk alle vonde ånder - slik at hjarta og sinnet får ro - og tid - til ettertanke?
Eg likar på eit vis denne tida av året, kjenna på kreftene rundt meg.
Hugsa på at i alt det store og ville, så er eg liten..
Berre eit lite menneske, det er godt å vera det.
Likevel så er eg alt, for nokon - mykje, for mange - litt, for endå fleire.
Og det er me vel alle..
For året me akkurat har byrja på, har eg ikkje gjort meg så mange tankar.
Milepælane i familien min, er det ein del av, slik det var i året som gjekk..
Om ein månad har eg fått to tenåringar i hus,
det blir nok eit år prega av endring.
Sjølv er eg byrja å lure på kva eg eigentleg vil med livet mitt?
Å få vera mamma er fyrste prioritet for meg, men eg trur eg må bli litt flinkare til å hugse på at det ikkje er den einaste rolla eg har..
Kan hende har eg lyst å prøve noko heilt nytt?
Nokon gonger er det slik, at vegen er målet..
Men det veit ein jo i bunn og grunn, ikkje om før vegen er slutt?
Og det kjennes jo litt formålslaust ut?
Kanskje er det slik eg må tenkja i det nye året, at alt eg gjer - eigentleg er ein del av - nettopp målet!
Godt nytt år, og god helg!
Abonner på:
Innlegg (Atom)






