onsdag 5. august 2009

Gøymt i skogen..

.... Innimellom høge susande grantre, heilt for seg sjølv, stille stille, står ei lita raud stove, sånn litt på tå, for ikkje å uroa noko omkring..
Der har den stått, lenge lenge, og den vart nesten litt gløymt bort.
Men alt var der, varmen, freden og roen, klar for å husa ei bortkomen sjel - på leiting etter stilla.
Vassausa var der, på rett stad, like ved omnen, bekken rann klukkande ikkje langt borte,
litt som ein motvekt til alt det tause.
Men den var der, klar og frisk..


Brødboksen var der og, venta berre stille, slik desse boksane skal, når dei ikkje bugnar av mjuke skiver..

"Eg kan godt ta syltetøy" sa den vakre stettskåla i pressglas..
"Eg likar best fløyte, rett frå separatoren" kviskra mugga av same sort..
Men eg hadde verken bær eller ku, og eg kunne ikkje hjelpa, berre beundra,
og kanskje undra..
Kvifor, kvifor blir det slik?

Her skulle det jo vera kaffi, på ein plystrande kjel, og kakeboksen -
kakeboksen fortener kaker, eller kjeks..
Og stova, fortener litt liv, og skrål, og song og latter...!
Kanskje. Kan me klara det:)
I mellomtida, er det stilla som rår..





5 kommentarer:

Villmarkstausa sa...

Fint innlegg fra ei seter??
Ha en god sommerkveld;-)

Mira sa...

Tar med meg ein hund eller katt og flytter inn med ein gong eg!

Klem.

Rosa sa...

Så vakkert!

Minna litt om stølen vår, med alle dei vakre gamle tinga som minner om farne tider

Hanne sa...

Så fint skildret, i tekst og bilder!
Ha en fin, fin dag :-)

heidi sa...

så fint du skriver.heilt imponert eg.vakkert klang i ord leiken din.Heidi:som og eig eit lite rødt uthus:)