onsdag 17. juni 2009

Eg fann - eg fann...

Kva kan ein vel finna, inne i ein krok, i eit mørklagt hus, oppå "lemmen", lengst borte,
bakom ei kiste, under eit heftigt lag med støv..
Ein skatt, kanskje?
For det var det eg fann..
Den har kanskje ikkje lege der i 100 år, men godt over femti år sidan sist den såg dagens lys er det nok..


Nydeleg krakelert, prega av tidens tann..
Uendeleg vakker.
Kven har festa glansbiletet?
Kven har smilt mot biletet av seg sjølv..
Pynta og fin, for kjærasten..?



Velkomen inn i varmen speigelen:)
No er det din tur til å bli beundra, berre for at du er - slik du er..
Og sånn skal det jo vera, sant vel?




Kos deg resten av veka. Snart er det sommarferie:)
Det gler me oss til!




5 kommentarer:

Blåbærpai sa...

For eit funn! Alt det spennende du finn! WAO!seie eg berre!
Takk for hyggeleg kommentar:-)

Anonym sa...

Ja, det var ein nydeleg speigel, det kan eg skrive under på.Fint golv hadde du og...God natt.
-I-

Nikoline sa...

For ein skatt å finna! Forstår me er nokså like når det gjeld tankespinnet rundt ein gamal ting... eg funderar også alltid på fortida til gjenstandar eg ikkje veit noko om :0)
Flott at speigelen kom til "heder og verdigheit" att,den er jo alt for fin til å liggja i kroken på eit mørkt loft!

Landliv sa...

Så enig! :-)

Rosa sa...

så fin den var med sine aldersteikn og glansbilete!

Jammen er det mykje spanande å finna i gamle hus, det har me erfart her òg, sjølv om det ikkje er gardsbygningar.

Såg deg og dine søte små ikveld - kjekt å festa ansikt til bloggen, og sjå dei to speiglbileta du viste i bloggen tidlegare! :)

God jonsok!