torsdag 4. september 2008

Huttetu - Dametrim..

Eg har byrja på dametrim.
Eg er både skremt og letta på ein gong.
Eg har aldri aldri tatt eit einaste aerobic steg i mitt liv, anna enn i vanvare..
No er eg med, så godt eg kan, på min måte. Sprutande raud i fjeset, andpusten og sveitt.
Kvar einaste måndag.
Eg har bestemt meg for, at eg skal halda til det er slutt, før jol..
No veit de det og, og då må eg vel klara det?
Heile måndagen gjekk eg og var litt uggen og engsteleg. Eg er ikkje ein sånn person som har verken treningsdress eller joggesko, så eg lurte på korleis det skulle enda..
Men eg tok det eg hadde, og lånte niåringen sine nye gymjoggesko. (Ja, eg har ein mini mini fot. Vanskeleg å halda balansen på og avogtil minifoten min. Ca strls 35..)
Og så trimma eg..
Såg du nokon, som såg litt "lost" ut, på landsbygda, i ein gymsal, kledd i svart, med nye pittesmå joggesko, høgraud i fjeset, andpusten og sveitt.. Ja, så var det meg.
Og det er der du finn meg neste måndag og:)
(Dei to snerne rompene ovanfor her, er eg diverre ikkje innehavar av:(.. Det er mi sporty mor, og mi nydelege dotter, i eit parti twister i jento mi sn tiårsdag for nokon år sidan.
Synst at biletet passa:) )

Ingen kommentarer: