søndag 7. september 2008

Lampeutfordring..

Her er lampen eg likar best.
Det er ein heilt enkel kuppel-lampe, som er å kjøpa gjennom ein fjøskatalog, av alle ting..
Eg trur den kosta omtrent tredve kroner, og eg likar den veldig godt..
Den er enkel, kvit,med passe ljos i - her er den på badet, men eg har den og i fleire gangar.
Beklagar dårleg bilete, men synst det var på tide å svara på utfordringen dykkar:)
Årsaken til kjøpet og historien bak?
Veit ikkje heilt, ikkje noko særleg spennande, hadde lyst på nokon lampar som var enkle og greie, ikkje var takplafond (eller kva det no heiter) og ikkje hadde for skarpt ljos.
Mannen min henta inn på katalog etter katalog for å forsøka å tilfredsgjera den sære kona si, men han traff aldri blink.
Han hadde vel omtrent gitt opp, når eg fekk fjøskatalogen slengjande i fanget som eit siste håp..
Det vart blink, og dett var dett..
Sidan eg trur denne lampeføljetongen truleg har gått runden til omtrent samtlege bloggar eg kikkar innom, trur eg ikkje eg sender den til nokon spesiell.
Ta den du, som har ein fin lampe du vil visa!!
Klems:)

2 kommentarer:

Haust sa...

I ein fjøskatalog, du! Fantastisk! :) Eg har og nokre slike, nokre hang i huset då vi flytta hit, og nokre er kjøpt på loppis, men no veit eg kor eg skal leite dersom eg får bruk for fleire!

Ha ei herleg veke!

Noralill sa...

Hei og takk for sist!

Så kjekt at du endeleg tok utfordringa..hihi Eg har nokre sånne kuplar òg...Og ja, dei er fine...

Ha ei fin veke! Så snakkast me vel snart...