søndag 31. august 2008

Kva skal eg bli når eg blir stor...

Dagens hjartesukk..
På denne tida av året, blir eg litt uroleg. Eg lurar på kva eg skal bli, når eg eingong blir stor.. Ja, så har eg riktignok ei lita utdanning, som det er ganske enkelt å finna seg jobb i, men er det verkeleg det eg vil vera?
Eg blir litt småmisunnleg på nieser og nevøar som stakar seg ut ein kurs, har ambisjonar og framtidsplanar - og som no, 16-17 år gamle har ein idè om kor dei vil i livet!
Eg har framleis ikkje peiling..
Eg er fullstendig klar over at eg har gjort ein heil masse. Eg har fem born, og det ser ut som dei vert sånn nokonlunde ordentlege verdensborgarar..
Dei oppfører seg stort sett bra ute blant folk, dei seier takk for maten, og set ofte fatet sitt inn i oppvaskmaskina - berre dei får ei lita påminning fyrst..
Men det var liksom meg då.
Med tanke på kor gammal eg er, og kor gamle borna mine er, så er huset mitt heilt tomt når eg er femti. Frå eg er omlag førtifire, så er vel eg omgjort til ein matstasjon/vaskeri/minibank/privatsjåfør..
Då har eg og truleg bortimot 25 år att i yrkeslivet.
Då bør vel det vera noko meiningsfullt?
No er eg husmor, men eg er og hjelpepleiar. Eg veit ikkje om det er det mest fornuftige å forsetja i eit så massivt omsorgsyrke, når ein har ein ganske omfattande omsorgsrolle på heimebane og..?
Men difor lurar eg. Kva skal eg bli. Når eg blir stor?

4 kommentarer:

mali-mo sa...

Ja...også har du meg som er evig student. Eg err aktivitør, vernepleier og no halveis i en videreutdanning i spesialpedagogikk. Men også eg tenker på å bli noe annet, kanskje skifte retning. Gjøre noe helt annet? eg tenker at alt går an! Og at det ikkje er "farlig" å prøve noe annet. Om en stund har eg kanskje min egen Buisniess? Eller kanskje eg går mer på skole? Eller "bare" er mamma? Eg vet ikkje, men eg tror det er lurt å kaste seg uti noe en drømmer om iblant! For alt er mulig, hvis en bare vil.

Men ka du skal ville...det kan eg ikkje hjelpe deg med ;)

Lampeutfordring inne hos meg!

Rosa sa...

eg skal òg "bli noko", når eg blir stor. Og eg veit igrunn ca kva eg har _lyst_ til å bli. Spørsmålet er vel heller om evnene, kreftene, motet og alt det andre strekk til.

Forresten ei morsom lita historie om systrene med same termos under, hihi.

Rosa sa...

Det eg _skulle_ skrive (før "mammma-alarmen" gjekk) var at plutseleg har du funne di nisje, om det er privatsjåfør eller hjelpepleiar, heklerske eller ineriørkonsulent.... plutseleg ein haust står mor sjølv der med skulesekken i handa ;) Ynskjer deg og dine god haust-veke!

Lykkelene sa...

Så koseleg blogg du har! Eg må jo sei at eg syns vel egentleg at du har bar med jobb når du har fem barn!!! Det står det respekt av...Ellers skal eg uttale meg lite om kva du bør bli. Mitt einaste råd er: følg hjartet,-gjer noko du har glede av. Då trivst ein også i jobben. Eg har sjølv jobba i helsevesenet i 16 år
(hjelp!)Eg trivst med det, men no byttar eg til privat bedrift, og kanskje ein dag gjer eg det eg aller helst vil;står på egne kreative bein! Ha ein flott kveld:0)