onsdag 13. august 2008

Kvardagar er best!



Tenk å ha tid og lyst og anledning å bli invitert i eit slikt kaffislabberas! Å bli servert tynn og blank og pisselunka kaffi, frå ei kanne med litt rusk i, oppi eit trog-for me fann ingen kopp, og so verkeleg kosa seg med det etterpå.. Og vetla prinsesso som snart blir tre, frydar seg! Tenk å ha mogelegheiten til å baka nokon rundstykker når smågutane kviler, for me er snart litt svoltne.. Eller berre har lyst på? Eller kake midt i veko, berre fordi me elskar brownies, og me gidd ikkje slanka oss, for ostepop er altfor godt, iallefall inntil raudvin, og alle veit jo at onsdag eller fredag eller sundag er alle lika gode raudvinskveldar, iallefall når det er myrkt ute, og tende ljos på bordet skin ekstra fint og sterkt, og hausten er undervegs.. Kansje ikkje alle desse kveldane til raudvin på same veka då, men iblant..
I går, fekk eg omsider storajento mi heim att frå fotballtur. Det beste med den turen er at ho scora sitt fyrste mål i år!! Og gjett kven ho ringde til for å fortelja det? Joo mammo si!! Det var kjempekjekt, og eg vart både kry og gla, både over prestasjonen hennar, men og for at ho ville dela den med meg.. Håpar det fortsett slik.
Sjå kva ho har teikna til meg. Ho hadde hengt det så kjekt på kjøleskapet, bak fram, med hint om kven som var den rette til å snu det..
Tydeleg inspirert av det fantastisk (fanatisk) kjekke idrottsarrangemanget som føregår for tida..
Sjekk entusiasmen til speakeren!
Tenk om eg får fortsetja å motta denna utmerkelsen! Det er litt å strekkja seg etter ja..
Uansett so er eg griseheldig over at eg får vera med på dette, ta vare på alle mine små, lag mat og køyra på trening og speling. Visa omsorg, vaska kle, trøsta, rettleiia, kjefta, masa og kosa og klemma masse masse..
Eg er heldig, som får vera her, ilag med alle desse flotte små personlegheitene. Dei er so fine alle saman.
Lille prinsesse som snart er tre år sa til pappen sin her ein dag: "Pappa...? Kan du ikkje bera denna dokko fø meg? Ho va so svinande tung.."
Kos dekan! Takk for kjekke kommentarer! Dei gjer meg kjempegla!

2 kommentarer:

Rosa sa...

For eit nydeleg innlegg! Jau, godt å vere heime, ha kvardagar med dei små, og kosa seg med både brownies og ostepop og raudvin ein og annan kveld.
Og jammen er det eit godt teikn når ei stor jente kjem med slike heidersbevisningar til mor!!

Nyt kvardagane vidare - det er haust i lufta,og jammen er det litt godt, det òg!


P.S:Ja, eg trur nok heilt sikkert du har sett biletet før ;)

Marie sa...

Så herleg innlegg!

Det ligg ein award å ventar på deg på bloggen min :)