onsdag 20. august 2008

Grasenke...

No er me komne dithen at graset skal bergast, for andre gong, på landsbygda.. Det betyr uendeleg lange dagar for stakkars mannen min, og litt meir jobb med småtrolla for mor sjølv.. For all del, skal ikkje klage.. Å sitja og humpe i ein traktor i frykteleg forhaustarleven er eg berre glad eg slepp! Då tykkjer eg det er greit å få vera husmor, og passa på middagen til slåttekarane. Det einaste problemet for min del, er at eg sånn generellt sett, er ei heller middelmådig husmor, med ein forunderleg evne til å driva med litt vel mykje på ein gong, slik at middagen slett ikkje står på bordet når karane kjem, og kaffien ikkje er nykokt-men kansje ikkje kokt i det heile.. Men det går seg til for det meste, og ingen må gå ut att svoltne..
Det kan vel til tider sjå ut her på bloggen som ting er litt meir rosenraudt enn det eigentleg er, men om alt skulle vera heilt på stell, heile tida, då hadde me vel hatt web-cam, sant vel? Synst det er veldig greit med bileter eg.. Forøvrig kan eg køyra traktor. Eg berre likar det ikkje.

Dette er noko so sedvanleg som eit hol i eit gamalt stabbursgolv.. Kuriositeten med dette er historia bak holet..

For nokre generasjonar sidan, i bygda mi, var det eit frykteleg uår. Graset vaks ikkje, kornet vart ikkje moge. Mennesker og dyr svolt.. Nokon hadde pengar lagt til sides, og kunne reisa til byd'n og kjøpa seg korn, men dei aller fleste hadde ikkje. Dei måtte stela. No har det seg slik, at alt kornet på gardar i gamal tid, vart lagra i stabburet, i svære kornkister. Stabburet var sjølvsagt låst, og husmora bar nykkelen i beltet. Nokon luringar, har då funne ut, at med eit høveleg tjukkt bor på ei sveiv, ein sekk, ei mørk natt - og litt flaks, var flatbrødbaksten sikra. Dei bora rett og slett hol, fleire stader i golvet i stabburet, til dei traff kista - og kornet kom i sekken. Når den var full, plugga dei holet, med ein treplugg. Lurt?

Sidan den tid, vart kornkistene sett opp på bukkar..

Ei anna "sannsoge" er når ein forfar her på garden, med det klingande namnet Viking, la merke til at ein nabo sådde åkeren sin med rusk og stein, for han hadde ikkje anna, men var for stolt til ikkje å så noko - og visa armodet sitt.. Viking sneik seg bort på åkeren, i ly av mørket, og sådde med korn. Det berga naboen. Og stoltheita hans..

Hadde me i dag passa så godt på naboen?

Her er vesle guten min. Han er ikkje så liten lenger no, diverre.. Fjerdeklassing er han blitt, utruleg..

Han er og min eigen skrotnisse. Han finn dei utrulegaste saker og ting, når han er i "rett hjørne".. Den siste skatten han fann, var ei nydeleg lita dokkevogge, skoren ut i trefiner.. Den var stokken oppunder ei hylle, i ein rotegarasje.. Han fann den han. Og etter fyrst å kome springande inn for å visa bilde av vogga, tatt med mobilen, (nett forsikra seg om at ikkje det berre var skrot) kom han så kry og viste klenodiet. Mor var lika kry, og følte sterke band (he-he)..

Men bileta eg hadde tatt av vogga, var borte vekk for meg i kveld, så det må eg visa ein anna gong:)

Fyttirakkaren, no vart det altfor seint i kveld og. Typisk. Visst verst for mor sjølv å omstilla seg til skulestart, ja..

Hej då!

3 kommentarer:

Trollkåno sa...

Hei!
Jaudå, håslåtten er i gang.
Me har drive på ei heil stund, går ikkje so fort her.
Som det hobbybruket det er, må det gjerast etter jobb. Og når det i tillegg er mest bratte bakkar, seier det seg sjølv at det tek tid. Men me skal nok få det i hus i år òg...
God helg!

Marie sa...

Så koseleg innlegg du har skrive.

Her hos oss er me heilt på tampen av andreslåtten no. Eg likar heller ikkje å køyre traktor, men eg er med på mjølking og dyrestell. Her kalvar det for tida, skal ut å ta inn ku med nykalva kalv om ei lita stund. No har åtte kyr kalva, har ni igjen.
Både eg og mannen min jobbar i tillegg, han annakvar veke og eg er ringevikar i barnehagen her.

Ha ei god arbeidsveke framover :)

Marie sa...

Eg skulle jo kommentere det med holet i stabburgolvet også...
Her i bygda var det ein gong ein mann som stal ein sekk med korn, men uheldigvis var det eit lite hol i sekken. I mørke natta såg ikkje tjuven dette. Då morgonen kom kunne bonden der det var stole frå følgje ei tynn stripe med korn direkte heim til tjuven. Ikkje lett å forklare seg bort frå det tjuveriet...!