torsdag 7. august 2008

Eg har lært meg å hekla!!

Eg er rett og slett litt kry av meg sjølv no. Derfor må eg simpelthen leggja inn nokre ganske få skrytebilder av alle heklarutene mine.. Eg har prøvd å få mannen min til å verta like entusiastisk som meg sjølv, over dei fantastiske eigenskapane eg har tilegna meg. Det vart han jo sjølvsagt ikkje..
"Kan du ikkje hekla du då?" sa han til meg.
(som om han kan hekla, liksom..)
Nei tenk eg har ikkje kunna det. Ikkje skikkeleg. Ein og anna blom har eg vel krota ihop, men ikkje noko som faktisk kan brukast, eller er flatt og ikkje snurpa når det ligg på bordet.
Synst eg er flink eg. Håpar det blir lappateppe til slutt!

For nokon dagar sidan, var eg på handletur med storesystrene mine. For meg så vart det no meir som ein blåtur, sidan eg vart med på planane deira sånn litt i det blå.. Mål og meining var eit utval av interiørbutikkar, sjølvsagt av den shabby sorten.. Lommeboka mi bugna diverre ikkje slik eg skulle ynskja den gjorde, difor vart det berre småtteri denna gongen. Men kansje me kan gjera slikt igjen kjære systrer? For triveligt var det..

Eg fekk omsider kjøpt meg ein sukkerstrøar, som eg har sett på andre stader, og når den var under nasa mi, kunne eg ikkje motstå. Knaggrekke til kjøkkenhandukar som vert stadigt rivne ned av ivrige små hender var lurt synst eg, og kakelys.. Eit lite bursdagsrush nermar seg her i huset, med tre septemberborn. Fyrst ut er lille prinsesse, og så er det smågutane sin tur..

Litt grøn plukksalat frå ugrasjungelen har snike seg med..

Nedanfor her er hjartehola i sukkerstrøaren, og du kan sjå slipningane i glaset. Kjempefin tykkjer eg.

Natta:)

6 kommentarer:

posidriv sa...

Dei hekla lappane dine er nydelege! Har stor sans for sukkerstrøaren din òg, eg må visst halde utkikke etter ein slik ein. :)

Ha ein herleg fredag!

Liv sa...

Du er sanneleg flink! Ikkje legg for stor vekt på kva mannfolk seier når dei uttalar seg om handarbeid. Hadde det derimot vore noko motorisert du hadde tileigna deg, ville skryten gått til himmels, tru du meg!

Eg misunnar deg den "blåturen". Både knaggrekka og sukkerstrøaren er, "akk så skjønne".

Lykke til med bursdagsfeiringane!

Noralill sa...

Hei! Takk for sist ja, du må ikkje tru du var på blåtur...den var nemleg nøye planlagt (hihi)...det var berre det at me ikkje sa det til deg før akkurat når me sat i bilen...Og du her heldigvis av det sporty slaget, og blir med uansett! Me må gjera det igjen...(då kan kanskje du bestemma??)

Kjempefine lappar! Lurer på om dei er like som dei eg (slit med å) lagar? Men mitt "teppe" ligg på vent til lune kveldar med fyr i ovnen..(håpar eg)...

Snakkast snart! Klem

Rosa sa...

Så flink du er! Eg trur kanskje mine heklekunnskapar er like dårlege som dine eingong var, for det der såg utruleg komplisert ut.. Shoppingblåtur med systre høyres skikkeleg kjekt ut, syns eg. Og fine ting fekk du med deg heimatt.

Så måtte eg fnise litt av innlegget under, om pakking til fjelltur og sånn. Syns eg kjenner den noko spente stemninga på kroppen... Vaske leiker burde me vel gjort her i huset òg - huff!!

Håpar det vert mange fine seinsommardagar endå, med friske born og foreldre! - god helg vidare til deg og dine :)

Marie sa...

Så flink du er til å hekle! Eg er veldig glad i handarbeide, men hekling er ikkje mi sterke side. Kanskje eg også skal begynne å hekle meir, det ser kjekt ut!

Fine ting du har kjøpt! Det treng ikkje vere store dyre ting, smått og koseleg er fint det også. Eg har aldri hatt anledning til å frotse med pengar. Litt betre no når barna forsørger seg sjølv.

mali-mo sa...

Så flott hekling du holder på med! Klart det må bli sengeteppe! Jeg holder på sy øappeteppe som skal bli sengeteppe for lillegullet. Hehe (hul latter). jeg skulle ha det klart når hun var baby...og har fremdeles laaaangt igjen til mål, for å si det sånn ;) Jeg trøster meg med at hun kan jo alltids få det i konfirmasjons- eller bryllupsgave ;) Så bare hekl ivei du, lappene var jo så fine!