onsdag 27. august 2008

Innetid..

Når det ruskar, regnar og bles utomhus, er det godt å koma innom døra att etter dagens trilletur. Småtrolla søv søtt i vogna, godt påkledd, tre litt større troll er på skulen og i barnehagen ei stund til - og mor har tatt pause..
Det er mangt og mykje eg skulle gjort. Snart skal me ha tre-års dag i huset, og då må eg om-
møbelera fyrst. Men korleis? Stova vår er pittelita, og etter ein kjapp gjennomgang, kom eg fram til at omlag 28 personar må ha ein stad å setja rumpa si.. Med stort og smått riktignok, men likavel.. Phu.. Det er jo så kjekt når alle i familien kan treffast, og vera ilag nokon timar, men eg skulle berre ynskja at me hadde litt betre plass..
Heldigvis så elskar eg å snu på møblar, slepa på sofaer og dra på bokhyller og diverse.
For at det skal vera fortast mulig gjort, så tar eg aldri noko utav til dømes bokhylla når eg flyttar den. Her skjer det fort og gale, og mor drar fram nokon umennesklege krefter.. Fjeset er knallande raudt, og sveitten støkk.. Men eg får det som oftast til på eit vis..
Med meir eller mindre vellukka resultat..
Det einaste eg ikkje gjev meg i kast med, er fjernsynet, det er altfor tungt til å lyfta frå det eine til det andre.. (Men eg DYTTAR det gjerne) Gjett om eg ynskjer meg flatskjerm.. Tenk å sleppa å møbelera etter den dumme, men akk så nødvendige tingen..?

Her er vogga som skrotnissen min frå forrige innlegg fann.. Eg har plassert den i vindauga, så ikkje nokon småtroll skal øydeleggja den. Er den ikkje yndig? Og pitteliten.. Den vert nok tatt i bruk i leiken etterkvart, men inntil vidare..

Her er ei lykt eg hadde med meg heim frå ferie i Danmark for nokon år sidan.. Trur nesten det var sist eg var på interiørshoppingsutflukt med systrene mine.. Den er ganske stor, for den passar til lange stearinlys, og grådig dekorativ.. Diverre så smeltar og bøyer ljosa seg i den når det er varmt, så difor - ingen lys i..


No når eg omsider har lært meg "heklingens kunst" (he-he, skryte) Så har eg verkeleg vore flittig... Neidå.. Dette er ei pute og eit babyteppe eg har funne på Fretex for lenge sidan. Eg synst dei var så fine, at dei måtte få bli med heim. Puta har ein heklarosett i midten og, men den har løsna (med litt hjelp frå små fingrar..), så då må eg nok få meg eksperthjelp til å rekonstruera.. (les du dette, mor, storesyster, svigerinne? I need help!)

Dette er og ein skatt i frå Fretex - tykkjer iallefall eg.. Det er eit gammaldags sybord, med rom til alle sneller og tøy og diverse.. Det er sikkert bortimot åtte-ni år sidan eg kjøpte det, men så har det blitt ståande hjå eks'en min, sidan eg flytta.. No tok eg det med meg, og det er eg SÅ glad for! Oppi, så var det utruleg nok (kremt) ein kjempefin tevarmar i smijern, som og vart med på lasset.. Eg klarar ikkje bestemme meg for om bordet skal målast eller ikkje, så det får vera som det er til å byrja med.. Golvet under derimot.. Det skal målast.. Min kjære mann har lakka det når me flytta inn, men tydelegvis ikkje mange nok strøk. Det er slite og stygt, og bale og vaska.. Men slik vert det vel, når ein er forelska når ein byggjer hus, og ikkje bur ilag under prosessen.. Må vel rekna med litt hastverksarbeid då vel?!

Forresten - Danmark, shopping, systrene mine og meg..

Me klarte på den turen, uavhengig av kvarandre (litt i smug og sikkert) å gå inn på den same butikken, kjøpa den same termosen, i ulike fargar, på same dagen..

Me vart vel alle litt lange i maska når me skulle skryta av våre "unike" funn den kvelden..

Kos deg!


1 kommentar:

Noralill sa...

Hei på deg...Det ligg ein utfordring til deg på bloggen min..PS Når blir det bursdag?? Laurdag?