onsdag 9. april 2008

Barnleg kreativitet og gammalt handtverk..


Her er det fantastisk vakre verket til store guten min!
Han har spikra og banka og saga sidan i haust, og hatt masse arbeid med "hytta" si.
Eigentleg er det vel litt meir eit utkikkstårn framleis,
men det kan vel hende det kjem tak og veggar på etterkvart..?









Treet er ei gammal ærverdig ask som har stått på plassen i mange lange år. Den er stua, difor har den fått denne flotte "krune" fasongen. Det er nok mangt eit gardsdyr som har gnagd kvistar og lauv frå dette treet i vårknipa oppigjennom åra..
No vert det kjøpt fòr om det vert knapt.
Men det er det ikkje ofte me må.





Her er ei fin bjørk som bur i tunet vårt..
Eg er glad storebror ikkje valde den å byggja hytte i..
No er det tid for allergitablettar og nasespray for han sin del.
Heldigvis har han strålande god effekt av medisinane, og er ikkje særleg plaga etter han fekk dei.
Berre me kjem i gang tidsnok...





Her er døra inn til det tidlegare omtala stabburet,
eg vart litt fengsla av desse hengslene i dag..
Tenk at før så lagde dei bortimot alt sjølve!
Når ein ser seg rundt, og oppdagar desse småtinga som faktisk må til for at ting skal henga ihop så er det heilt utruleg!
Eg som knapt kan strikka ein sokk, blir iallefall heilt andektig.
Dei sydde kleda sine, for hand, etter dei hadde vevd tøyet av tråd dei sjølv hadde spunne, av ull frå sauen, som dei sjølv hadde klyppt..
Me kan endeleg le høgt av dei som er med på farmen (ja eg fylgjer med), men hadde me klart oss i den tida?
Eg likar iallefall å tru, at eg har pittelitt meir av den grunnleggjande kompetansen ein treng for til dømes å laga mat av lite, utnytta ressursane rundt i naturen litt betre, men det er kansje berre fordi eg sit heime i stova, mett og god..
Eller ærleg talt, har dei prøvd å fiska?


Her er muren som står att etter løa som eingong var her..
Tenk å byggja, stein på stein, utan sement, slik at den står støtt, støtt nok-så ein kan ta hesten og køyra ut i skogen, saga ned på tømmer, slepa det heim, stokk for stokk, lafta det oppå einannan, så det blir eit bygg, det er råd å leggja eit tak på. Eit tak av skiferheller, som skulle vara nesten evigt..
Har du sett gamle bilete, kor rake dei er i ryggen, korleis dei lyfter haka litt stolt og stritt ut i verden.
Er det rart dei er stolte? Er det rart dei ser så krye ut?
Det hadde eg og vore om eg hadde bygd eit hus frå botnen av, med berre nevane...

Ingen kommentarer: