onsdag 26. mars 2008

Det klør, det klør, tiddelibom..

Tida går så uendeleg fort, no er det omtrent eit halvt år sidan desse to såg dagens ljos..

Dei har delt magen i over åtte månader, no har dei delt kvardagen, så gjenstår det å sjå om dei held isaman livet ut..

Eller eg håpar ikkje det er eg som får sjå mest av det, eg skal bli ei lita tverr gammal dame, med altfor stort hår, og so skal alle ungane mine bli fryktelig lei av den eldgamle mora si, og so skal borna deiras tenkje det same om dei, når dei vert frykteleg eldgamle.


No er det byrja å klø i små tannibissar som skal koma!

Her er småspirene blitt nesten store, men likevel er dei akkurat begynt. Eg både gruar og frydar meg over tanken på korleis det blir - livet deira. Når eg var liten ynskte eg meg så inderleg ein tvilling. Eg forestilte meg at det berre måtte vera det alle beste.. Men eigentleg så anar eg jo ikkje om det er så fantastisk. Det er jo frykteleg godt berre å vera heilt åleine og då..


Eg synst nesten det er litt trasigt med denne dyrkinga av tvillingar ein møter som tvillingmor. For all del, eg synst det er kjempestas å få oppleva dette, og det er jo kjekt at dei er så like, eller kjekt - det er fantastisk - dobbel glede - bonusbaby! Men eg er ikkje blant dei som møter opp i den lokale tvillingklubben for å skri på akebrett med andre tvillingar. Den blir litt dryg. Eg tenkjer : "Kvifor er det ikkje ein klubb for dei som har ei jente, eller to gutar med mørkt hår fødd med halvanna års mellomrom.." Det kan heilt sikkert vera slitsomt det og.. Eller kolikkbabyforeningen?


Det er ikkje alltid kjekt når framande skal dikka og tulla med babyane mine, berre for dei er to..



Eg har vel ikkje skrive nokon plass at huset i dalen ligg på ein gard.. På denne garden er det og eit stabbur.. Inne i det stabburet vågar eg meg iblant til å gå på oppdagelsesferd! Det er kjempemorro, og litt flaut (svigermor held auga med meg, skrekk og gru!) - men mest morro.. Det har seg slik, at eg lenge har kikka etter ein gammal speigel. Ikkje ville eg at den skulle vera så stor, og så måtte det vera med "orntli" gammal speigelflate i.

No har eg ein sånn! Jippi jippi! Den låg der og skein, midt i synet på meg, skiten og fæl, men sjølvsagt uendeleg vakker.. Einig?


Og som om ikkje det var nok! I desse "fil de fer" tider. Ekte kjempegammalt fantearbeid, med ei nydeleg jernplate i botnen, med ein utruleg fin blåfarge på..

Vart nokon pittelitt misunnlege på vårt fantatisk innhaldsrike stabbur no? Bli for all del ikkje overraska om det dukkar opp andre små skattar..

3 kommentarer:

Noralill sa...

Hei på deg! Ser du har lagt ut bilete av dei skjønne små...heldig som har eit stabbur å "hente" skattar frå! Nydeleg korg du har funne...snakkast på søndag! Klem

Anonym sa...

Hei. Misunneleg paa stabburet??? JA....Klem fraa Praha. Ps. nydelege smaa..

Blåbærpai sa...

Hei!For nokon skjønningar og dèt stabburet må vera UTRUUULIG spennandes å utforske!

Ja, det er mykje rart ein må finne seg i , berre fordi ein har to i vogna.Men, jammen er det stas òg! Mest stas! Det ER eit under å få eitt barn og eit endå større under å få bera fram to!