onsdag 16. april 2008

Ting og tang og vår i vente..

Kva kan vel dette vere, for noko rart...?
Det er faktisk ein bulldoser, med namnet "dos og kos", kjøpt på impuls av mannen min, for eindel år sidan. (FØR han var min mann, trur ikkje han hadde fått lov..) Det er nemleg ikkje berre damer som strør om seg med pengar på ting ein ikkje har bruk for, og som heller ikkje blir brukt. Det er riktignok ein pitteliten bulldoser, eg trudde eigentleg bulldoserar var kjempestore, men det treng dei tydelegvis ikkje vera..
Sjølv om den er både gamal og rusten, så er den litt sjarmerande og synst eg, og den står heldigvis langt vekk ifrå huset mitt, så då so..
Men i bruk er den ikkje..
Kva er vel detta for eit hjulpar då? Dette er ein kjekk sak som snart skal takas i bruk, får ein tru.. Det er nemleg ei møkavogn.. Den fyller ein med dritt, og så køyrer ein avgarde, eller så blir det kobla slangar på, og så står vogna berre og pumpar skiten avgarde... Tips til alle som skal i konfirmasjon, og ikkje har lufta bunaden endå... : Luft no! Snart er bonden i gang...

Dette er ei bjørk, den har framleis nakne greiner her i dalen..
Eg har nesten ikkje hatt tid til å nyta finaveret dei siste dagane, for eg har gjort ferdigt, vel iallefall nesten ferdigt det tidlegare omtalte jenterommet. Har derimot ikkje hatt tid til å ta "etter" bildene, så eg får venta litt med "før" bildene og..

Storasystera vart no iallefall såre fornøygd, og har fyrste natta på nytt rom i kveld... Etterbildene vil derfor vere prega av at 12-åringen min har bestemt innreiinga sjølv, og plakatane som høyrer til på eit jenterom, er alt på plass.. Stakkar vesle storebror, ba så tynt om å få sova på madrass på rommet hennar han og, men han vart rimeleg bryskt avvist.. Difor ligg han søtt og søv i senga mi, sidan mannen min er bortreist.. Det trur eg han var godt fornøygd med..

Storesyster ligg og søv omtrent med mobilen i handa, for ho har vore på 4H-tur i helga, og fått seg kjærast, og han sender søte nattameldingar til ho kvar kveld.. Dette rhar resultert i at ho har brukt masse bursdagspengar på nytt kontantkort. Det som eg kjøpte for seks dagar sidan, har alt vore tomt i nokon døgn.. Det kostar med langdistanseforhold..

No skal mor legga seg og! Kjem sterkt tilbake med nytt rom..

Ingen kommentarer: