mandag 21. februar 2011

Tysdag gjennom vindauga om vinteren, viste seg å vera ein heller kjedelig føljetong..
Kvitt og snø overalt.
Kvar bidige tysdag.
Eg må sei at entusiasmen ramla rimelig kjapt rett vest..
Ikkje det at det ikkje er vakkert, men det er jo liksom variasjonane eg "såg fram til"å dokumentera..
Pytt pytt, det er vel ei kvinnes rett å ombestemma seg..?

Uansett har det vore ei innmari hektisk tid.
Eg har vore dønn egoistisk og berre tenkt på meg sjølv.
Det var det bortimot femten år sidan sist eg gjorde..
(sånn er det å vera mor)
Eg har terpa og øvd, og stått på scenen - og heldigvis fått applaus:)

Eg var så heldig, at eg fekk henga meg på ein flott gjeng og spela skodespel.
Det var det nesten 20 år sidan sist eg gjorde (fy kor gammal det høyrdes ut som eg var no..)
Og det var rett og slett dritskummelt! Men kjempekjekt!
Folk klappa og lo på dei rette stadane, og då er jo alt berre velstand..

Ein kveld til skal eg på, og så er det over:)
Så får eg prøva å ikkje venta like lenge før eg gjer noko litt utanom det vanlege igjen..

På veggen har eg fått eit "nytt" bilete.
Fint sant?
Eg har fått det av tanta til mannen min, og det har liksom kome heim att..
Når ho og svigerfar min vaks opp, så hang det i gamlehuset på garden vår. Det huset finnst ikkje lenger,
men no skal det få henga på min vegg:)
Det er bestemor til mannen min som har brodert det, ho døydde diverre mange år før han vart fødd.

Eg tykkjer det er vikteg å kunna litt, om det som ein gong var, og eg trur det gjer oss - eller iallefall meg
litt rikare.

Ha ei god veke:)

Ingen kommentarer: