tirsdag 11. januar 2011


Det er tilstandar som det held her i bygda mi,
me snør rett og slett ned..
Ein god meter er det kome, berre på nokon dagar, og det forset.
Ungane jublar, eller sutrar - alt etter kva aldersgruppe dei tilhøyrer:)
Småttisane sto bom fast i snødyngene, mens storebror jubla avgårde på snøbrett..
Smågutane har prøvd seg på langrennski, med vekslande hell..
Og sjølv byrjar eg så smått å innsjå, at om det er her eg skal bu (og det er det jo)
så må blir det ski på meg og.

Godt er det uansett å veta at det er andre tider i sikte. Sjølv om det nett i dag ser ut som det er langt fram..
Alle årstider har vel sin sjarm, men vinteren tykkjer eg ofte kan bli vel lang.
Det gjeld å lysa opp litt rundt seg, med ljos og varme - og det kan me jo:)
Godt å driva med litt innomhus i snøføyka.
Teikning er populært blant borna, og kva passar vel betre enn ein jublande elefant i desse tider!
Gojento mi på fem er ein reser i faget, og denne er vel sterkt inspirert av Øisteins blyant:)
Hurra for kreative barnetv!
Flott inspirasjon for små og store.
Og du..
Hugs småfuglane:)

Ingen kommentarer: