torsdag 24. februar 2011

Sjølvgjort - er velgjort.
Dette vart ein slags hjort - eller reinsdyr er det vel..
Sydd av fjortisen min, for halvanna år sidan - til ei 4H oppgåve.
Tykkjer den er fin eg, den prydar stoveveggen min:)
Biletet under har eg laga sjølv. Eller herma sjølv.
Såg det i eit blad eller ein blogg - hugsar ikkje kor - men likte så godt ordlyden!
Gode ord å lesa - til ei kvar tid:)
Reinsdyret er frå ei "Tilda" bok.

Og snart er det helg!
Eg har litt åleinetid - småtrollene er på karneval i barnehagen.
Storetrollene er på skulen.
Det einaste som ventar er eit tårn med tøy som skal brettast:)

Ta med deg dette inn i morgon dagen : - EG LIKAR DEG;)
Godt. C U!



3 kommentarer:

mali-mo sa...

EG LIKER DEG OG ;)

Kjempefin 4H hjort, får håpe lillemalien kanskje vi begynne der når hun blir større.

Her venter sånn halveis hjemmelaget tomatsuppe, og så skak eg ut og svinge motorsagen og sikre neste års vedfyring...ja, for det blir nok ny snø til vinteren atte ;) (og snart vår???)

Ha en finfin torsdagskveld!

Rosa sa...

Verkeleg fint skilt - du skal ikkje sjå vekk ifrå at det vert herma vidare :)

Og det gamle bildet under var staselegt. Særleg når ein veit kvar det kjem frå, og veit at det er kome heim. Slik er det med mange av tinga me plukkar fram frå loft og kjellar òg, sjølv om me ikkje har direkte blodsband til dei som bygde og levde her (men halvfjern slekt var det jo).

Ikveld snør det att, og sjølv om det er både fint og flott og vakkert kjenner eg at eg gler meg til det kjem ei ny årstid, om det enn kan sjå ut som det vert ei stund fram..

god helg i vente!

Ingunn sa...

Så fin den var. Morsom :)