søndag 23. mai 2010

Utruleg kva litt sol på kroppen gjer, ein er ute frå tidleg til seint, plantar litt, ryddar litt, og nyt masse masse. Vender ansiktet mot sola, og kjenner det varmar.
Vert raud og heit i kjakane.
Me smiler meir, kavar mindre, berre er..
Bakkane er grøne og lauvet sprett.
Geitene våre står i haugen og mekrar. Ropar på noko godt, eller berre ligg og kviler.
Ytterst på ein kant, på toppen av ein skråning. Der har dei det best..
Sauene med fire kvite lam beitar i vetlehagen, alle kjem springande når dei ser oss.
Vil ha kos og skryt.. Det må dei få:)
Kaniner er det kome til gards, dei må me ta inn så dei blir milde, klappa dei og kosa..
Stryka varsamt over bevrande kropp.
Studera mjuke øyrer og nase som snusar i eitt..
Og ute gror det.
Møka er spreidd over bakkane, kan hende til forargelse for nokon, men absolutt til glede for jorda, for grøda..
Sjå rundt i hagen, om alt har tolt den lange kalde vinteren..
Og gleda når ein ser dei fyrste skota, snart kjem det heile - og verda er atter frodig!

1 kommentar:

Tina Nikoline sa...

Hei :) Har lest igjennom mange av blogginnleggene dine. Måtte bare få sagt at du skriver så mange gode og vakre ord :) klem