onsdag 28. april 2010

Rart?


Det er rart kor ein ventar. Ventar på lyset, på varmen, på fargar og på yrande liv..
Det er noko heilt eige å bu så langt nord på denne kloden vår:)
Alle variasjonane, alle tilpasningane..
Det er godt, på mange vis, men og rart, rart kor mykje tid som går med til nettopp all ventinga.
Venta på snø, venta på vår, på sommar og haust..
Eg ventar lika mykje på alt eg. Blir hekta på det. Ser etter teikn, snusar inn lufta - for å freista kjenna angen av vår - eller endå betre - av sommar..
Eg trur eg likar sommaren best..
Men på den andre sida, så er det heilt fantastisk med ein kald og klar haust..
Eller fryden med den fyrste snøen, fanga den på tungespissen etter kvart som den dalar..
Eller dei fyrste grøne grasstråa innåt husveggen..
Så skjøre, men likavel så uendeleg sterke!
Skiftene er ikkje fullt så kjekke når dei stoppar opp..
Slik det har gjort no.
Vinden er kald og gneg seg heilt innåt beinet.
Men eg veit den kjem, litt om senn, eg har sett at det grønkast i brekkene:)
Våren er nok det skifte eg ventar mest på..
Men aldri forgjeves..
Klem:)

Ingen kommentarer: