onsdag 31. mars 2010

Kupp..


Og der var dei brått.
Dei stod å blunka til meg på ei hylle, i ein lokal bruktbutikk..
Det er rart, kor ein ser etter ting som ein hugsar, frå den gong då, når ein var liten..
Kva er det med denne "litenheiten" som er så sterkt at me alltid vil ha det hjå oss?
Nesten uavhengig av korleis oppveksten har vore..
Er det slik at uansett, er det noko som var trygt og godt og nært, som me minnast, og me ber med oss rundt i livet - som ein skatt - av noko godt og fint, som er berre vår eigen?
Kan hende verkar det platt, at det skal vera ting som skal få minna fram, men slik er det no ofte, at det visuelle er det som står sterkast, av sansane..
Men no bur dei hjå meg, både figurane og minnene..
Og du må ha ein fin påske:)
Hugs å hugse.
Når alt anna er forbi, er minna det som varer.
Uknuseleg. 

3 kommentarer:

Rosa sa...

Fine ord, og fine figurar.

God påske!

Inger Johanne sa...

Hei du!

Fyrste gongen min innom deg - men ikkje den siste! Du skriv så vakkert!

Klem til deg!

mali-mo sa...

Så gde ord...husk å huske. Takk for et kjempefint innlegg.

Og figurene var gode de og. jeg husker ennå enhvi porselenskattevase, som knuste tilslutt. En slik leiter jeg etter ennå, og har gjort det i 15 år. Kanskje en gang... Har heldigvis noen andre porselensfigurminner igod behold. Også har jeg samme forholdet og minnene til enkelte barnebøker. Er vel høytlesningsminner som henger i ;)