søndag 21. mars 2010

Ekstremt..

Å vera liten, er noko eg tykkjer er heilt fantastisk..
Å få oppleva alt rundt seg, så tindrande klart som ein liten gjer, er nok nesten litt fjernt når ein blir stor..
Tenk å få vera med på, å laga livet litt til eit eventyr, for ein liten kropp.
Læra, fortelja, eller berre undra ilag:)
Når påsken kjem, dukkar det opp eit påske-egg, UNDER puta, som ein har sove på, HEILE natta, utan å ha merka ein ting:)
I går kom firaåringen min inn, etter ein tur utom døra, heile fjeset hennar lyste, og ho fortalde meg: Mamma, veit du? No er VÅREN kommen! Han pappa sa det:) E da ikkje heilt fabelaktig!!?
Det er då eg tenkjer at alle inntrykk som møter ein liten kropp, er så sterke og ekstreme, at dei nesten vert slått i bakken over det..
Dei lever så akkurat no, og så intenst, og så i augneblinken!
Eg prøver å gjera som borna, ikkje alltid, men iblant.
Undra meg, lukta, smaka, sjå - som om det var fyrste gong.
Og det er fabelaktigt, når ein klarar det:)
To små kroppar, ute og oppdagar, hand i hand - i tilfelle noko er skummelt:)
Ser, luktar, smakar iblant;)
Og er. Tilstades i livet sitt. På ein heilt ekstrem måte!

1 kommentar:

Rosa sa...

jau, ein skulle leva livet meir som dei små gjer, i nuet. Det er ein kunst me gløymer. Og visst er det fabelaktig at våren kjem!!

Den jenta under her med vinger, ho har budd i tankane mine òg lenge! Men endå har ho ikkje funne vegen "heim".

God veke i vente!