tirsdag 16. mars 2010

Eit pikant tilfelle:)

Me har fått ein ny bebuar, det er ei jente, og ho har venger..
Ho er liten sart og lysegrå, og ho har vore i tankane mine leeenge:)
Ho kom flygande ein trasig seinvintersdag, ilag med systrene sine, og no held ho meg varm, både i kropp og sjel..
Småpippane er og med, på nakne greiner - dei sit der litt i påvente av at snart er det andre tider, for det er det, heilt sant!
Eg har høyrt det på fuglasongen, no flørtar dei..
Flørtar du?
Gjer det:)
Kor mange par med sko treng ein?
Sjølv som gardakjerring i sjølvaste dalstroka innafor treng ein faktisk ein del..
Men sjølv har eg og hatt ein viss forkjærligheit for - termos-ar..
Nokon er nær sagt ubrukelege, nokon er knust, nokon har ein historie,
og nokon brukar eg..
Den raude over her, klarte systrene mine og eg, å kjøpa uavhengig av kvarandre, i  same butikk på ferie i Danmark..
I ulike fargar riktig nok:)
Her fekk ugla mi vera med og.. Kva er det med ugler eigentleg?
Bortsett frå at dei er fine:)
Retro og pink med prikkar:)
Alt går seier eg, berre det gjer meg gla!
Snart smeltar snøen, og då skal me springa berrføtt!
Eg gler meg til det og:)
Hugs å kosa deg litt då!!

Ingen kommentarer: