mandag 16. februar 2009

Kva gjer ein på ein tysdags ettermiddag i ei lita vestlandsbygd?
Utanom fotballtrening....?
Jau, ein tek med seg dei ungane som er over 6-7 år - og går på audition...
Bygda mi har nemleg rappa heile Blåfjell innspelinga!
Er det noko me vestlendingar likar, så er det når me går forbi nokon andre:)
Så då stiller ein seg i kø då, for å bli fotografert, målt(!) og avkrevd naudsynte opplysingar, ilag med ein sterk overvekt av 14-15 år gamle "wannabees", mange smånervøse 8-10 åringar med VELDIG nervøse mødre, og nesten ingen vaksne ..
Ja eg melde meg eg og. Pitle heller..
Så får me sjå om eg er brukandes, slett ikkje sikkert det.

1 kommentar:

Rosa sa...

Korleis gjekk det - vart du ein blånisse?