mandag 3. november 2008

Redda!

Heldigvis og takk og lov..
Alle bileta mine vart redda, alle viktige saker og ting intakt..
Det er ikkje berre berre når ein pc går i svart.
Ein føler seg ganske hjelpelaus, faktisk. "Problemet" vårt no er at skrivaren og har sagt takk for seg, og den nye som er bestilt, er ikkje komen på plass endå.
Når det er slik, er det brått ein heil masse ein skulle nettopp ha skrive ut, og organisert og tatt seg av. Typisk eigentleg.
Eg er diverre kan ein vel sei, innehavar av ei voldsom gleda over å sei ja til det meste..
Det har ført til at eg har vore med på masse kjekt, og at eg sit i ein del verv, eg kanskje ikkje burde.. Det er ikkje alt eg har peiling på for å sei det sånn..
Får eg spørsmål om å vera med på noko, så tenkjer eg, at det klarar vel eg lika godt som nokon andre.. Og stort sett går det jo bra, for det er jo sjeldan ein eigentleg har ansvaret heilt åleine...?
I dag har eg to ting eg må prøva å få til.
Det eine er joleverkstad for born i regi av ungdomslaget her på dalen. (Jepp, Styremedlem..)
Det andre er kva i all verden me skal finna på, på torsdag, når me skal ha sosialkveld på skulen med foreldre og elevar.. (Jepp, klassekontakt..)
Eg skal jo ikkje skipa til alt dette sjølv, men nokon må ringa og spyrja og masa og tenkja og pusha.. Ingen tykkjer at det er kjekt å gjera, men alle tykkjer det er kjekt når noko skjer..
Eg klarte heldigvis å takka nei til å vera "top dog" i FAU i heile kommunen når eg vart spurt om det.. Det var eg rett og slett ikkje kompetent til. Har aldri vore med i FAU ein gong.
Men det er jo innmari kjekt å bli spurt syns eg. Det er jo truleg nokon som har tenkt at det var noko eg kunne klara.. Eller?
Endogtil i politikken fann eg ut at det var ein plass for meg.
Riktignok som vara for både fyrste, andre og tredje vara, men eg er no der.
Også 4H då. Eg vel å tru at det er der eg for tida gjer mest nytte for meg.
Men der er eg vel mest med berre på trass, faktisk.
Det var eit foreldremøte i klubben, der eg har to born med, der det vart spurt etter vaksne hjelparar, såkalte klubbrådgjevarar. Av over 30 foreldre, var det ikkje nokon som sa eit einaste lite pip.
Når slikt skjer, og det skjer ofte-vert eg dritflau!
Eg tykkjer det er så pinleg, at me vaksne vil at borna våre skal vera med på ditt og datt, men me vil ikkje yta noko anna enn transport..
Då rekkte eg opp handa og sa at eg kan godt hjelpa dekan om de trur eg er brukandes!
Og det var berre eg i rommet som hadde fem born, deriblant tvillingar som då var knapt 3 månader..
Håpar nokon av dei andre vaksne vart litt flaue over seg sjølv..
I januar skal eg vera korpsleiar. Det blir ei ny erfaring:)
Når eg gjev vekk litt av tida mi, så får eg masse tilbake.
Og tida går jo ikkje, den kjem!!
Forøvrig må eg sei tusen takk for responsen på forrige innlegg.
Ja, det er kanskje sterke ord om ein brutal verkelegheit, og ikkje slikt det vert skrive aller mest om i bloggverden, men eg gjer det likevel. For eg må.
Eg klarar ikkje la det vere.
Håpar du vil lesa hjå meg likevel, sjølv om ikkje alt som står her har sukker på..
Klems:)

2 kommentarer:

mali-mo sa...

Så bra at det var håp for bildefilene!

Må si eg bøyer meg i støve over at du har energi til alt...men eg er så enig i det du skrev: foreldre vil at barna skaldelta men vil ikke stille opp selv. Det ser eg rundt meg eg og.

Eg er i innspurt på eksamensforberedelser, og har lovet meg sjøl, aldri mer (iallfall ikkje på lenge ;) God uke!

Rosa sa...

Så BRA - at bildene og det andre vart redda!

og, så BRA! at det fins slike folk, som vil gjera ein innsats for lokalsamfunnet. Som ser at det trengst. Dei som har god tid, det er dei som ikkje gidd engasjera seg i noko. Det har eg funne ut..

Så lukke til med aktivitetskveld og joleverkstad, som korpsleiar og.... alt det andre :)

Og ha ein strålande kveld!