onsdag 29. oktober 2008

Innfløkt..

Det er mykje som er vanskeleg, kronglete og bakvendt. Men alt i alt, har me det utruleg mykje enklare enn før i tida..
Me treng ikkje gå, me kan køyra.
Me må ikkje halda nokon av ungane heime frå skulen for me ikkje har nok sko til at alle kan ut på ein gong. Ingen må gå svoltne, ikkje treng dei få lusing om dei har vore umulige - dei kan bada kva dag dei vil, og ingen må i groa og henta vatn..
Doen er inne, og der er det varmt.
Ljos har me på brytaren, og plata likeins..
Likevel er me ofte misnøygde. Me jobbar for mykje og tenar for lite.
Det går an å brenna seg ut - veldig lett.
Men kva er det eigentleg bekymringane våre består av?
Me har det jo fantastisk mykje enklare og tryggare enn før i tida?!
Nokon gonger "spionerar" eg litt på fortida..
Eg tykkjer det er utruleg spanande å finna ut litt om både folk og ting som ein gong var.
Eg har eit namn, kansje eit årstal, og helst ein stad. Så søker eg i veg i kyrkjebøkene..
Eg skriv spionerar, for nokon gonger finn ein ut ting som ein ikkje ante, og som ein kanskje kan ana at det ikkje var meiningen at ein skulle veta.. Skjønar?
Oftast finn eg ut kjekke ting. Og innimellom diktar eg litt rundt det..
Eg fann ut at mormora og morfaren min konfirmerte seg samstundes. Eg gissar på at det var då dei vart kjende..
Nokon gonger finn eg born som har døydd, eller mødre som har døydd..
Nokon gonger finn eg fødslar utanfor ekteskapet.
Det facinerar meg at alt er sirlig dokumentert.
Vert det gjort slik framleis? "Ægte/Uægte"
Veit ikkje.
Noko er framleis lukka for offentlegheiten. Krigsåra til dømes.
Krigen er eit beksvart kapittel for dei aller fleste gamle i landet vårt.
Når eg har jobba med gamle, har eg nokon gonger prøvd å ta det opp, men eg har fått liten respons. Nokon spesielle opplevelsar har eg fått gjenfortalt, men eigentleg ingen om livet og kvardagen..
Eg veit at oldefaren min selde kattakjøt til tyskarane. Han hadde sagt det var kanin.
Nix mer mjao mjao, sa dei til slutt..
Farmora mi, vart tyskarjente..
Ho var 18 år når krigen braut ut. Ho hadde ingen brødre.
Ho ville vel kanskje berre ha det kjekt.
Flørta litt, få fine strømper og sjokolade.
Dei tyske soldatane var vel stort sett greie, unge karar i ein tvungen situasjon dei og..
Eg veit ikkje.
Det vart som det vart.
Ho fekk ikkje noko barn. Systera gjorde.
Begge vart skamklipte, kjeppjagde, og det som verre var.
Var det rett då?
Kanskje ikkje rart at det framleis ikkje vert snakka om.
Skamfølelsen er stor. Det er nesten så eg kjenner det sjølv. Bestemora mi..
Rart. 63 år seinare..

4 kommentarer:

Rosa sa...

visst er det mykje spanande å finne om fortida. Mange historier, mange skjebnar. Kanskje ting ein skulle ynskjer ein ikkje fann?

Sterkt å lese om farmora di og systera hennar og behandlinga dei fekk.

Og når det gjeld "ægte/uægte", så kan eg røpe at det framleis vert ført, for statistikken si skuld ;)

Ha ein god kveld i dalen!

mali-mo sa...

Hei! Kjekt med livstegn fra deg. Håper pc'en snart blir i orden igjen, og ikkje minst at bildene deres blir reddet. Har ikke back up egheller, og da min gikk i svart ifjor fikk eg reddet alle. Men har enno ikkje tatt kopi (huff eg rødmer).

Sterk historie, og en veldig godt skrevet liten "epistel" du har lagt ut no. Syns du burde sende inn til lokalavis eller noe og få den trykket. ;)

Vet du, hjemme hos meg er det iallfall ikkje fint og striglet til stadighet. Hahaha!!! Iallfall ikkje no. Eg syns detaljbilder er så greit eg, for da kan eg slenge alt rotet inn på den ene siden av rommet og knipse ivei. Har funnet ut at støv synes dårlig på bilder.

Og du, eg syns ikkje det trenger å handle om nyvaskede og ryddige hus hele tiden. Selv om det er kjekt å se på alt det som er fint og vakkert og deilig inspirerende, så liker iallfall eg litt annet og;)

Anonym sa...

Jeg har aldri besøkt bloggen din før, men jeg fant fram til den via en link i en annen blogg. Det du tar opp her er ting dagens generasjon ikke vet så mye om. Jeg selv er født etter krigen, men er gammel nok til å huske at helt uskyldige unger ble plaget og utstøtt, de var "tyskerunger". Det verste var at plageåndene måtte ha lært av de voksne. Takk for et sterk innlegg jeg håper mange leser det.

Mormor

pepperkverna sa...

Fint innlegg om en nær fortid. Burde være en tankevekker for mange. Synes det er flott at det ikke bare er solsiden som kommer frem i bloggene, men også litt alvor til ettertanke. Hege