lørdag 25. oktober 2008

Fyttirakkaren..

Det er ikkje berre eit..
For det fyrste, så får eg kjempekjekk premie frå både "Blåbærpai" og "Rosa Univers", og så gløymer eg å takke.. Ikkje har eg lagt inn skrytebilde, og ikkje har eg sendt det vidare..
Ganske forkasteleg gjort av meg. Fy skam!
Tusen hjarteleg takk til dekan, for at de set pris på orda mine:)
Sender den i retur!
Så var det det andre. Tusen takk for kjekke helsingar frå dekan alle!
Eg er innom og kikkar både her og der, men eg er ikkje særleg flink å kommentera.
Alt er jo så fint og flott og kjekt hjå dekan, og på ein måte er det vel begrensa kor mange gonger ein skal gjenta det og...?
Hadde jo ikkje kikka innom om ikkje bloggen var kjekk og bildene fine, sant?
Alt er så flott og ryddigt hjå alle og einkvar, at eg mitt rotehove får heilt prestasjonsangst..
Er det nokon som har lagt merke til at det ikkje er eit einaste bilde av stova mi?
Eller kjøkkenet?
Eller noko anna rom for den sin del?
He-he...
Så var det det tredje..
Kvifor dette innlegget er utan bilder?
Gadd ikkje rydda.. Neidå..
Min kjære mann har kræsja pc-en vår. (Eller sin eigentleg. Heldigvis var det han og ikkje meg som gjorde det. Phu..)
Det betyr at maskina må til doktaren, og me håpar at iallefall bildene våre samla gjennom tre år vert redda.. Sukk. Gjett om det blir back-up og dobbeltkopiering av filer frå NO!
Riktignok hadde me ein stasjonær som har stått i øskja si i nokon år..
Men den hadde ikkje skjerm, og ikkje var den på nett..
Men det er den no.
Og då fekk eg kikka innom att..
God helg folkens:)

2 kommentarer:

Guttemamma sa...

Da kan vi jo glede oss til alle bildene som kommer utover vinteren...? :-)

Rosa sa...

Å kjære du, det handlar kun om bloggifisering. Eg vil aldri kunna skryta på meg å ha eit ryddigt hus. Til det er eg altfor rotete og lat av meg. Men å rydde ein liten krok som kan takast bilde av og bloggast, det gidd eg. hihi.

Datakræsj er forferdeleg kjedeleg, og likevel går det ikkj elang tid før ein har gløymt kor viktig den backup'en var...

God helg, håpar de ikkje regnar vekk....