torsdag 12. juni 2008

Fin termos?

Eg har kjøpt meg ny termos. Litt dårleg bilete var dette her, men den befinner seg til høgre.. Den er ljoseblå og kvit, med nokon nydelege oransje retroblomar på..
Den sto og smilte til meg, i ein pitteliten snopebutikk (for ikkjesnopetande vaksne damer, som berre har lyst på fiiine ting) i ein pitteliten "miniby"..
Butikken heiter "Patina", og eg har lagt den inn i snoperulla mi, for dei sender gladeleg avgårde.. Men dei har ikkje att slike ljoseblåe termosar. He-he.

Her er stompelompen til ein liten trehest eg fann, stukken vekk bak ein bjelke i vedhuset på garden - (ja, eg er overalt når eg er på skattejakt..) den har bestefaren til mannen min laga til han, når han var liten knott.. Den manglar desverre hovud, men kva gjer vel det? Noko av det beste eg veit, når eg klarar å rote fram noko det går an å turke støvet av, er om den tingen har ein historie.. Ein bakgrunn eller ei forteljing.. Eg er stolt eg, over ei hesterompe, for eg veit kor den kjem ifrå.. Eg ser på ein måte kjærleiken i måten den er møysommeleg spikka ut av eit trestykke og pussa og måla - med sal og - av ein gammal bestefar, til det den nye odelsguten.. Eg ser han nesten for meg..

Her dukka det opp eit fiks ferdigt stilleben, som berre har stått og venta på meg, nesten uendelig ser det ut som.. Det dukka opp inni eldhuset vårt. Eg rydda heile eldhuset i fjor haust, men eg hadde ikkje hjerte til å røra desse flaskene, for det såg liksom ut som dei høyrde til der..

Dette fekk og lov til å stå.. Tenk, ingen har sakna den fine vesle koppen heller.. Truleg har det stått i denne hylla i eldhuset heilt sidan besteforeldregenerasjonen styrte her.. Dei er alle borte forlengst. Kansje det er difor..

Ein kan bli full av undring over mangt og mykje..

Eg undrar meg litt over at teljaren på bloggen min surrar og går.. Det er iallefall kjempemorro at eg ikkje er her heilt åleine.. Tusen takk for kjekke helsingar!!

Men det forpliktar jo litt og då, kan ikkje berre vasa på liksom:)

Utfordringa eg har fått, tygg eg litt på.. Er så deiligt å vera anonym! Men eg skal svara på den. Snart. Ikkje so frykteleg spennande svar eg har heller då..

For dei som lurar, så gror eg greit i flengo mi. Har framleis ikkje vore mørkt nok til sykkeltur. Mor mi synst forøvrig sykkelen var kjempestygg, og var sikker på at eg ALDRI kom til å sykla ein meter på den..

Hm. Må motbevisast.

Ha ein fin fin kveld!!

4 kommentarer:

Liv sa...

Ja, er der rart du blir lest, dette må være en av de beste bloggene jeg har kommet over, og jeg har bare såvidt kikket på de siste innleggene dine. ( sitter i lunsjen på jobb og slapper av litt)

Er det ok om jeg linker deg til meg?

Sissel sa...

Hei!Takk for hilsen i bloggen min!Er bare innom din aller snarest..men titter innom en dag jeg har bedre tid!

Fin termos forresten!!

*klem*

mali-mo sa...

KUL termos du har fått deg! Har bare vært på Patina på nett, men skal innom neste gang eg drar forbi, blir nok i sommer. Men best uten mali-mo mannen ventende i bilen hehe, ellers blir eg litt stressa selv om han er tålmodig som få....(eller herdet av vimsekonen sin stakkar).

Forresten tenkte eg på deg idag! For mannen min skal slutte i jobben, og hadde fått et kjempefint kort av damene han har vært sjef for. Et sånt nydelig scrappe-kort vet du. Og det var bilde av rødklver! Akkurat et kort for deg, så hadde eg hatt et tomt et skulle du jammen fått det i posten ;)

Flotte skatter du hadde funnet deg, likte den hesten. Eg har og en hest, som eg spikket sjøl, for en 15 år siden ca. Den har fått seg noen harde kakk og mangler no to av beina...men den står no i vinduet likevel. Ønsker deg en fine kveld :)

Tulip sa...

Tror ikke jeg har vært innom her før, men jammen en fin blogg du har!

Den termosen likte jeg. Heldige deg.
Og så søt en hesterumpe! Gjør jo ikkeno om hodet mangler, så lenge rumpa er så fin!!!