fredag 2. mai 2008

Storesyster sitt rom..

Slik var det mens mor dreiv på, her har eg klort på eit strøk med farge "dun"..
Her såg jo blåfargen nesten lys og "fin" ut, det var den ikkje. Det var eit mørkt og utriveleg rom, somverkeleg trengde ein shining.. Golvet var så lakka, at eg ikkje hadde sjans å få "røffa" det manuelt. Sidan eg ikkje hadde maskin for meg akkurat der og då, så vart jo ikkje det gjort, og eg kan vel sjå fram til jamnleg flikking, til neste gong det vert pussa opp. Yes!
Denne golvfargen var eg skikkeleg nervøs for at skulle vera for mørk. Den heiter "fjell", men den heva seg etter kvart som den turka, og enda opp akkurat slik eg håpa!

Synst at den vart kjempefin! Storesystera er godt fornøygd og, men har diverre alt begynt å rota så smått, så det vart ikkje "rom" for noko oversiktsbilete..


Her har ho rigga seg med musikk og fløyte og dagbok. No skjer det så masse i livet hennar, at dagboka heilt sikkert veit meir enn meg.. Men slik skal det vera ei stund, så får eg små drypp etterkvart som ho modnast over ting.. Å vere mamma er ein fantastisk ting!
Ein har så mange funksjonar i dagleglivet, at ein burde hatt ei eiga utdanning, i forkant..
Eller kansje ikkje, spørst om det hadde blitt født så mange born om folk visste kva det inneber..

Kjekt har ho det iallefall på nytt rom, og lyst og fint er det blitt.. Temaet er raudt og rosa, ilag med grått og kvitt. Kjempeforandring er det uansett, og litt fredlegare for mor. Snart nyser eg i gang med neste rom, då er det storebror som står for tur, sjølv om han eigentleg ikkje vil ha nytt rom, iallefall ikkje om han ikkje kan få mørkegrønt golv med mørkeblå veggar. Og det får han jo sjølvsagt ikkje.. Her var eit lite close up av den såkalla "Kari Traa-lampen.." Eigentleg er det ein eg fann på "åhlens", kjempebilligt 50 kr med ledning og alt.. Den vart dømt nord og ned når eg kom heim med den (av storesyster), sidan trygla tilbake (av stoesyster), når ho hadde tenkt seg om..


Ny kommode fekk ho og. At den var rosa, var stor stas..

Vart det bra?



2 kommentarer:

Noralill sa...

Hei på deg! Ja, her vart det fint! Tippar storasyster kosar seg her, og kan vera heilt i fred for alle dei små....Må vel ta ein tur på besøk om eg vil sjå heile rommet...?

mali-mo sa...

Det ble kjempebra! Syns det rommet ble totalt forvandlet og tenker hun koser seg der nå!

Fant deg gjemnnom noralill og kommer helt sikkert tilbake.