torsdag 15. mai 2008

Foretaksom unge..

Det var ein gong ein liten pus som heiter lillemann, som låg og kosa seg i sola, for den var brått blitt så varm og deilig, sånn heilt i byrjinga av mai..
Han var så lukkeleg over at han var ein gut, denne pusen, for det gjorde at han redda livet i tidlege ungdomsår..

Men så har det seg slik, ate ei lita foretaksom dame, var ute på rusletur nett den dagen, litt av same grunn som pusen låg og kosa seg, fordi det var så varmt og fint, og så skulle småbrorane sova i vogna si.. På ein-to-tre, var bakken forsert, og pusen var under angrep.. Lur som den var, hadde den valgt seg ein koseleg stikkebusk å leggja seg under, så den kraup berre litt nermare stamma, og følte seg bra trygg..

Litt snurt, sit vesle frøken fryd og kikkar på kattaskinnet som ligg der så utilnærmeleg, langt innunder busken.. Ho som hadde umaka seg og plukka løvetann som pusen skulle få smaka og alt..? Mamma fekk tilbodet og, men takka høfleg nei..

Pusen kom krypande fram tilsist, mens den mjaua høglytt, når me eigentleg hadde gitt opp heile katten.. Dei er snåle sånn, pusane, skal absolutt bestemma alt heilt sjølv. Kunne nesten tru dei var damer heile gjengen, sant?

No nermar det seg 17. mai, og mer er heldigvis berre tre av sju som skal i bunad.. Det tenkjer eg held i massevis.. Det er heldigvis sånn nokonlunde klart, sidan me nett har hatt barnedåp for smågutane. Då fekk me faktisk låna oss bunad til dei, og dei var so tøffe:) Med knappavest og nissehua. Skal leggja ut bilde av det seinare, for då var dei so fine at eg berre må dela... Storesyster spelar i korps, så nasjonaldagen hennar startar i sentrum ti på sju. Gjett kven som må stå opp og køyra henne..? No har ho gleda seg i fire år, til å få vera med på all korpsjobbinga på den store dagen, men i år so hadde ho ikkje lyst.. Typisk?

Ha ein fin fin dag:)

1 kommentar:

Noralill sa...

Hei på deg og takk for sist! No har du vel alt klart til dagen i morgo du òg tenkjer eg... Eg har fruktsalaten på kjøl og ein pai klar i kjøleskapet (klar til steiking)...saman med vaniljesaus og is vert nok det bra trur eg... Men me brukar no ikkje akkurat gå svoltne på 17.mai då, så eg reknar nesten med dette vert dessert på søndag...Ynskjer deg og resten av gjengen ein strålande fin 17. mai! Klem