lørdag 24. mai 2008

Eg er så glad for at pelargonia er ein sukkulent!
Eg er på ingen måte eit menneske med grøne fingrar, og eg her tatt livet av eit svimlande antal av blomar og plantar oppigjennom årene..
Men sukkulentar klarar eg ikkje drepa.
Dei lagrar vatn i stilk og lauv, og slik kan dei då klara seg mellom mine sporadiske vatningar..
Dei er jo kjempefine og, med rosa blomar i alle nyansar!

Og så fekk eg pakke frå Danmark her ein dag! Den har eg venta på ei stund.. Og eg hadde nesten gløymt litt kva eg hadde bestilt.. Men eg har tydlegvis vore i eit reinsleg hjørne, for det var masse vasketing i pakka.

Eg er ikkje overbegeistra over husarbeid, men det er alltid litt kjekkare når det ein skal hjelpa seg med er litt fint, søtt og luktar godt. Eg blir litt glad når eg kan vaska doen med lyseblå gummihanskar-med prikkar på, eg..

Iallefall når eg kan drikka kaffi frå ein slik kopp når eg er ferdig..


1 kommentar:

Blåbærpai sa...

Kjekt med pakke i posten!
Dei gummihanskane var berre kjempe kule!