onsdag 5. mars 2008

No snør me nesten ned...



Det har snøa utrulege mengdar her i heile dag, både ovanfrå, underifrå og sidelengs...

Eg VIL ha sommar!! NO!! Ver so snill...

Den kjennes så uendeleg langt borte. Denne vinteren har vore så frykteleg lang. No drøymer eg om småsko og grøne bakkar, og ein herleg varm sommar utan diger tvillingravid mage. Det blir deiligt!

Eg skal klyppa bringebærbuskar, "møka" rosene, planta nye roser, setta poteter - og kansje laga ein kjøkkenhage! Det har me planlagt fleire år no, men ikkje kome skikkeleg i gang med. Innmari dumt, men slik vart det berre.. Eg skal sjå om epletrea får knoppar og kart i år, eg vil planta jordbær i ein balje.. Og tidleg til hausten, får eg meg kansje kasjmirgeit!

Det er eit ganske spennande miniprosjekt eg og gemalen funderar på. Håpar me får det til.. Det forpliktar nesten dette, at eg skriv det her meiner eg. Om ikkje andre les det, så les iallefall min kjære familie det... Skumle saker..

Men endå ligg snøen tjukk og kvit her i dalen under fjella, og våren verkar uendeleg langt borte, og med det sommar heilt utanfor rekkevidde.. Men det er jo koseleg å sitja inne og kosa seg når det ruskar ute då. Det er godt å ha tak over hovudet.. Sant vel?

Ingen kommentarer: