lørdag 8. mars 2008

Basar!


Eg diggar basar!
Eg elsker følelsen når tala på årene går inn, raud 156, det er det beste..
Ja det er litt overfladisk, ja. Eg er fullstendig klar over at det er eit godt stykke mellom "godbitane" på ein indremisjonsbasar. Men det er noko heilt eige over den barnslig gode følelsen av å vinna..

Eg kjøper aldri flaxlodd, hugsar sjeldan på å tippa lotto og andre spel frå norsk tipping, men på ein god gammaldags basar, går som oftast overskotet til ei god sak, og då gjer det jo ikkje noko om ein ikkje vinn heller..

Var det ikkje eit nydeleg lite bilde eg har klista inn her.. Eg fann det på ei amerikansk nettside. Ei dame som reiser rundt i verden og finn vintage klede, som ho legg ut for sal på e-bay.. Og så hadde ho desse fine små bildene spreidd rundt på sida si.. "Dollywood" trur eg den heitte..

Eg fann og ei fantastisk side, med nokon aldeles nydelige data-animerte bilder, som var både skremmande og vakre og sarte og truande på ein gong. Den sida trur eg heitte "art and ghosts" og er absolutt verdt ein kikk.

Sida som heiter "pretty little things" er og ei nydeleg side, med masse artigt på. Ho som har den, har nettop vore på showet til Martha Stewart, og det er jo litt artigt..

Nei no må me klargjera oss til basar. "Berre" dei tre største får vera med på det. Det held i massevis. Smågutane får vera heime med pappen sin, så får dei sova i fred og ro..
See you:)

Ingen kommentarer: