fredag 22. april 2011

Hei

 Korleis har du det?
Ja, no er det jammen lenge sidan sist. Tenk påske er det blitt allereide..
Utruleg kor fort tida susar avgårde.
Ja, her er no alt med det gamle, ungane veks og trivs - storajento er nett fyllt femten, og spreiar rundt seg heftige truslar om at ho skal på dans syttande mai, for DÅ er ho konfirmert, og DÅ har ho lov, for då er ho VAKSEN NEMLEG!
Eg berre smiler og seier at eg skal og på dans..
Då får eg kjeft - men det er no blitt ein vane.

Storebror tykkjer han er stor nok til å køyre traktor - det tykkjer ikkje eg, og då får han jo ikkje lov til det - og sånn går no dagane:)

Dei tre små auser framleis av seg med endelaus kjærleik til mor - og far - og sysken..
I heftige skifter.
Mellom total elskelegheit - og trassalder av ein anna verden..
Eg har det for tida verkeleg i alle fasar, men berre eg får vera heilt i fred innimellom, og berre kjenne litt på stilla, så bles vel dette forbi og, sant vel?
Det å vera til stades i sitt eiga liv, er ikkje alltid lett.
Nokon dagar kjenner eg at eg har delt ut så mykje av meg sjølv, at eg nesten ikkje kan pusta, men når det berre blir ro rundt meg, så kjennes det likevel godt på eit vis?

Eg har vore mamma så lenge, at eg ikkje lenger kjenner den som var der før.
Den eg ein gong var.
Trur heller ikkje eg saknar den, men kan hende det hadde vore sunt å hugsa?
Kanskje hadde ho noko verdifullt eg kunne ha nytta - slik eg er no?


Vel uansett - våren er vel eigentleg ikkje tida for ettertanke - men for ny vekst.
Vekst og skifter - og sol og varme!
Me har mangt å driva med i vårsola, men me får prøva at ikkje det blir like lenge til neste gong:)
I mellomtida må du kosa deg!

3 kommentarer:

Mitt Landliv sa...

Koselig skrevet - til ettertanke... Som du sier er det lett å glemme den var man før man fikk barn, og ja kanskje man hadde hatt godt av å huske... :)

God påske videre!

Rosa sa...

Det er litt godt å lesa at andre òg kjenner seg litt "oppeten" innimellom dei elskelege og dei oppheta stundene. For slik er det her òg, sjølv om eg "berre" har dei to på 3 og 6. Dei veit verkeleg å halde oss i ande! men når våren og sola er på plass, og ein kan gå ut i hagen og grave i jorda, då kjennest det faktisk lettare, det aller meste.

Så får me tru at den ein eingong var ligg baki der, og gjev eit godt grunnlag for den ein ER, og dermed er med oss, sjølv om det kjennest fjernt.

Takk for ettertanke, og god påske!

Noralill sa...

Flink å skrive du..Fint skrive, måtte tenkje litt eg òg.

Ha ein fortsatt fin fin påske! Me har feira eldstemann i dag, med kaka og besøk, kjekt! Men no nærmar det seg jobbdagar att. Håpar sola skin ei stund til....

Klem