Denne helga - i denne bygda, det er ikkje berre berre.
Denne helga fordoblar innbyggjartalet seg i bygda mi. Og det er iallefall nesten heilt sant.
Kvifor?
Fotballcup - kva anna..
Frå 14000 til 27000 menneske, regelrett over natta. Litt borti natta eigentleg.
Mi helg vil difor bestå av dugnadsarbeid, kø kø og atter kø, for så å bli avslutta med jobb.
Og det var den helga..
Over her er ei nydeleg lita hylle som eg kjøpte på loppehjørnet ved ein auksjon i hallingdal
for fleire år sidan. Den har ein aldeles fortryllande sart blåfarge på seg, og den skal den få lov å behalda. No passa den inn på kjøkkenbenken - sidan den på mystisk vis er blitt kvit - som følge av at mor sjølv, var åleine heime med spann og kost. Kremt.
Det ballar på seg når ein fyrst kjem i gang.. Desilitermålet i porselen kjem frå ein kjempefin nettbutikk som heiter "Lobelia hjem".
Utruleg kjekt at det ligg litt "snop" til meg i kommentarane!
Då blir eg so kjempegla:)
Velkomen skal de vera, alle so ein!
Ha ei strålande helg, med eller utan fotball:)
2 kommentarer:
Du har heilt rett....det er kø overalt......eg jobbar i idrettshallen der ca 4000 skal ha alle måltid......det rett og slett "aular" med folk overalt.
God sundag!
Dette er ei slik helg der me ikkje eingong tenkjer på å nærma oss sentrum. Fri og bevare oss vel for tusenvis av bergensarar i kø :D
Og all æra til dei som er på jobb og dugnad heile helga!
Legg inn en kommentar