torsdag 26. mars 2009

Hmm..

Ja no er det så lenge sidan eg har vore innom her, at eg nesten har gløymt ut att passordet mitt..
Det må eg sei er ein uting. Det er utruleg kjekt når de legg att nokon ord, og tusen takk til mine trufaste lesarar:)
Bilete er framleis noko som glimrar med sitt fråver. Kameraet er bra oppfyllt, men kor er kameraet hen?
I kveld så anar eg ikkje. Typisk.
Kva skriv ein om då, når alt berre er svart kvitt?
Kor fargerikt livet er?
Her på dalen er det absolutt naudsynt å tenka slik, i og med at snjoen framleis ligg både tett og kvit - så langt auga kan sjå..
Kikkar eg rett ned utom husveggen derimot, så er det litt bart blitt. Heldigvis.
Og i solveggen innunder syrintrea, der er det kome to lilla krokus!
Eg kunne og ana toppen av ein tulipan frå i fjor, muligens byrja å tenkje på å våga seg fram.
Kansje ikkje så lurt gjort av nokon av dei, sidan det snør tett i kveld, og vinden bles stivt..
Pyttsan, inne er våreksperimenta i full gang.
Eg har prøvd å rista liv i mine ganske gustenbrune men blivande (!) grøne fingrar.
Eg har tatt avleggarar av pelargoniane mine, og planta i potter, og hugsa å vatna!!!
(Om det er nokon kjennarar der ute som tenkjer "jøss for ei tulledame, heilt feil årstid" eller noko slikt, ver snill ikkje sei det, for mine blivande grøne fingrar er nemleg veldig skjøre og sårbare, og slett ikkje modne for kritikk..)
Berre eg hugsar det hersens vatnet er eg ganske viss på at det skal bli bøttevis med blomar hjå meg utover sommaren!
Og så har eg fått meg "nytt" skap.
Ikkje er det nytt, men gammalt. Ikkje har eg fått det no, eg har hatt det lenge - men ikkje hjå meg, men no er det kome heim, og plassert på "kjøkkensida" i huset mitt, og der høyrde det verkeleg heime.
Eg har eit anna nydeleg skåp på "vent" i nabokjellaren, i påvente av nokon sterke karar.
Det skal få bu i stova vår, og har ein gong vore eit apotek/medisinlagerskåp.
Det har mange små skuffer, og er utruleg fint!
Det manglar nokon hyller i det, men det skal eg forhåpentligvis få orden på.
I dag måtte eg rista litt på hovudet over meg sjølv - og alle mine..
Eg har verkeleg ein heil flokk!
Eg hadde aldri i verden trudd at eg skulle få fem ungar!
Iblant er det meir som det kokar av liv rundt meg..
Det leikast og rotast og klatrar og kliv, og skrik og ler og pratast - samtidigt!!
Det er så rart å sjå på kommunikasjonen mellom dei to minste, som pratar og ler og skjønar kvarandre - utan at eg forstår heilt kva som vert sagt..
Omsorgen dei har for kvarandre alle saman, vetla jento ovanfor småbrørne og dei ovanfor ho.
Og dei to store, som passar på småsyskena - men som latar litt som dei er i krig med kvarandre, heilt til dei gløymer seg - og er verdens beste vener..
Og snart, ganske snart håpar eg, vaknar verden til liv her som eg bur og.
Eg gler meg til å sova med ope vindauga, og verta vekt av fuglane som syng og kvitrar,
og kikka på klokka og veta eg kan liggja ein halvtime til:)
Ikkje gløym å nyt!
Sola ER byrja å varme:)

Ingen kommentarer: