lørdag 3. januar 2009

Godt nytt år!!

Ja no har det jammen vore lenge stilt hjå meg, nesten ny rekord trur eg..
Unnskyldningar har eg massar av, men det trur eg eg galant hoppar over.
Nytt år - nye mogelegheiter!
2009 står skinande blankt og ventar, og jammen skal det bli kjekt å sjå kva det kjem til å bringa..
Nokon "prosjekt" har eg allereide bestemt, så får eg håpa eg får gjennomført det slik eg har tenkt.
Storebror skal få seg nytt rom..
Kjøkken og stove skal få måla golvet sitt.. (Det har eg tenkt å få gjort i tre år, så no er det på tide..)
Og sommaren vert vel eit einaste stort utandørsprosjekt, for der ser det ikkje ut..
Og så ballar det vel på seg tenkjer eg. Det brukar det iallefall å gjera.
Nyttårsaftan låg eg langflat med omgangsjuke, ungane vart sendt litt rundtomkring, og mannen min måtte klara seg sjølv.
Skikkelig upraktisk, for han hadde florstell både på sjølve aftan og 1. dag..
(Ellers hadde ungane vore heime also..)
Eg klarte å kreka meg opp rett før rakettane gjekk av, og la meg att ein halvtime seinare.
Pyton.
Anbefalar herved alle å vera litt småsjuke iblant utover året, istadenfor å samla opp til årets siste dag:)
Ellers var jola prega av kjekt samvær med familien, slik det skal vera, for meg iallefall..
Joletrefesten i grenda var eg med og fekk avvikla, og i morgon er det tid for årets vareteljingsdugnad..
So får me sjå då, kva som skjer!
Men alle må hugsa å kosa seg pittelitt kvar dag:)

1 kommentar:

Nunne sa...

Godt nyttår til hele flokken.
Du har en nydleig blogg. Her er så koselig. Jeg titter ofte innom deg...
GODT å sjå deg igjen... savna deg.
Hilsen fra nord....fra Nunne.