fredag 19. desember 2008

Det går bra..

Take it easy.
Det vert jol i år og.
Sannsynlegvis.
No har me kava rundt etter gåver og pynt og snop og mat for å førebu årets kosing.
Eg har kjøpt ein kartong med vin.
Ungane og dei vaksne er relativt friske.
Me har oppfylt iallefall eit og anna av ynskjene på dei stadig lenger listene,
og alt skulle liggja til rette for at alle skal ha det kjekt..
Så no gidd eg ikkje meir.
No held det med kav.
Eg skal gjera dei siste innkjøp i morgon, eg skal venta til vetlajolaftan med resten av golvavask og rydding..
Og jol blir det vel uansett?
Det me verkeleg treng til det er vel ei granbuske og dei me er glad i?
Og dei har eg på plass..
Slapp av no folkens, et ei klementin og pust litt ut.
Det skal eg.

4 kommentarer:

Rosa sa...

Eg kjenner faktisk at skuldrane har jekka seg ned eit hakk idag, då eg og småjentene gjorde dei siste planlagde innkjøpa. Over helga må me kanskje hamstra litt mat og godsaker (ja, for butikken er jo stengt heile to dagar!), og måndag når jentene er i barnehagen skal eg og mannen faktisk ha fri begge to. DÅ skal huset vaskast frå topp til tå, slik at me berre kan kosa oss med pynting og anna på vetlejolaftan.

Ha ei retteleg god jol der oppe i dalen! :)

mali-mo sa...

Her har vi lagt med spysjuke i fire dager, men er såvidt på beina att. I rute med alt? Haha, selv ed min Gjøre-minst-mulig-jul, er vi langt utav kurs. Men anti-stress julen gjelder ennå, så vi tar det helt med ro :) Har vært og stormhandlet litt nå (takk for planleggingslister), juletre imorgen og skal ta resten på mandag ;) Litt kjapp grønnsåpe den 23, så er vi der ;)

Noralill sa...

Eg reknar med du kjem i havn i år òg!? Me gler oss til å møte dekan alle ihop 4.dag! Kos dekan masse på jolafta, så snakkast me snart!!

Stor jolaklem frå alle oss...

Ellen - Charmerende gjenbruk sa...

Jeg har tittet inn til deg...koselig blogg du har.
Du er også velkommen til meg, å se bilder fra min nye bok Sjarmerende Gjenbruk som kommer ut i midten av januar.
Klem...Ellen