mandag 8. desember 2008

Me ventar..

Adventstida. År etter år. Den vert aldri som eg tenkjer.
Kvart år, har eg planen klar. Starta tidleg, vera systematisk, bli ferdig..
I staden for å bli ei tid fylt av fred og ro, blir det ei tid fylt av meir og meir kav.
Alle skal få pakker. Når ein har utstyrt seg med fem ungar, vert det ein god skjerv innomhus, og mange ulike behov som skal stettast.
Men alle vil ha størst pakke.
Eller mest i.
Så må ein passe på at alle vert fornøygde.
Og det er ikkje alltid lett.. Eller kansje det ikkje er så vanskeleg som eg trur.
Kanhende eg vert slukt av mine eigne krav til fullkommen lykke og ingen hengelepper på jolaften..?
Det er vel kanskje slik. Min eigen frykt for skuffa ungar. Trur ikkje det er noko som er vondare enn nettopp det..
For ei mamma.
Litt kos har me no og.
Storeguten min, tenner ljos kvar morgon.
Så pratar me litt, eg og dei to store goklumpane mine, før det er tid for skuleveg..
I dag i fullt oljehyre, men det høyrer vel med det og.
Baka litt har me gjort og.
Det er mest lille prinsesse og eg som står for den delen.
Fint tidsfordriv når smågutane søv..

Denne adventstaken har eg hatt i nokon år no.
Så eg var vel faktisk litt forut for mi tid, sidan den er i sink..
Det er morro, tykkjer eg. Å vera tidleg inne i trendar..
Ikkje det at eg er særleg "in" no for tida, men det hende no før om åra.
Det var riktignok ingen andre som tykkte eg var kul når eg som 15-åring kledde meg i mors gamle slengbukser og besten si gamle skinnjakka..
Men det kom stort året etter..:)



Det går seg nok til i år som i fjor.
Det gjer stort sett det.
Alle vert som oftast fornøygde og.
Eg hugsar ein gong eg klarte å laga livet retteleg surt for alle rundt meg, den gongen eg tuta meg gjennom jolaftan..
Eg hadde førebudd meg godt, skrive ynskjeliste med grundige utførlige og svært konkrete ynskjer.
Eg hadde hengt den strategisk opp, på ei stad alle kunne sjå.
Eg hadde nummerert ynskjene etter prioritet.
Eg hadde tilogmed spesifisert at det var kun det som sto på lista eg ynskte meg!
(les: berre det eg ville ha)
(hm var vel litt bortskjemt-tross alt minst)
Og når eg so skulle opna pakkene, fekk eg ein annan cd enn eg ynskte meg, og ein annan sekk..
Eg fekk faktisk tilsynelatande fleire ting på lista mi, men ikkje det eg ynskte meg.
Eg var kjempeskuffa, og eg haldt ikkje att nei. Når kvelden var omme visste alle det ja.
Poeng?
Kvifor spyrje om bornet ditt kan skriva ei ynskjeliste, om ein ikkje les ho heilt ut, eller ikkje tek hensyn til den?

No sikrar eg meg med ikkje å ynskje meg nokon verdens ting.
Bortsett frå snille ungar.
Det får eg og.
Iallefall sånn nokonlunde:)

2 kommentarer:

mali-mo sa...

Ja, det er ikke godt for en mamma å kjenne på følelsen av å skulle gi er, gjøre mer, være mer...infri ønsker og behov og krav. Kjenner den.

Selv om eg samtidig tenker, at de må jo lære seg det og? At livet ikke alltid går så glatt hele tiden, og at en ikke trenger eller bør få alt en ønsker seg...eller hvor mange som aldri får noe av det de ønsker seg. Mange lærdommer, og mange skuffelser og lei-seg følelser som skal erfares...

Men de skal ikke komme på julaften!!!! ;)

Får heller bruke resten av året kanskje, på å oppdra til måtehold, empati, evne til å dele og omtanke, og så må julaften bli god inni hvert lite hjerte som ønsker seg noe så sterkt som bare et lite menneske kan ;)

Her har vi hatt 2-årsdag og en liten mali fikk det hun har ønsket seg i hele høst. Sykkel. Rød. Så strålende lykkelig, så himmelfallen over at et sånt ønske endelig går i oppfyllelse når dagen, altså BURSDAGEN, endelig var her. Og moren var minst like lykkelig ;)

Anette {foreldremanualen} sa...

Heisann! :-)

Det virker som at du gjør en god jobb med å ikke la stress og kav ta overhånd i førjulsstria. Tenne lys om morningen er en kjempekoselig ting, kanskje det ville bidra til mindre morrastress her hos oss også?

Ha en fortsatt fin adventstid! :-)