mandag 8. september 2008

Eg diktar ein utfordring!

Denne utfordringa er litt på sida av eketorp sofa og lysekruner, men eg liksom innbilder meg at det er noko alle og einkvar har materiale til.
Utfordringa handlar om ting ein er glad i, som betyr noko for deg sjølv, som ein har dradd med seg på "ørten" flyttelass og ein ikkje har fått seg til å kaste..
Og som ein av og til kikkar på, med smil om munnen - for ein kan minnast, ja eit eller anna..

For min del er det ein kopp, som er litt over middagshøgda og sikkert har sett sine beste dagar.. Den har vore på veg i boset fleire gonger, blant anna har mor mi (fy skam) prøvd å avhenda den, men den har blitt redda i siste sekund. (Ein gong endåtil frå ei hylle i ein bruktbutikk!)

Årsaka til at den er så kjær for meg, det er at eg hugsar så inderleg vel, følelsen eg fekk, når storesystrene mine gav den til meg.. Eg følte meg så fin, og spesiell, det kjendes som om den koppen var laga akkurat til meg, og at det berre var ein av dei i heile verda! Slik kan ein tenkja, når ein er liten, men kjensla er god å ta med seg når ein blir stor!

Og eg hugsar systrene mine. Kor forventningsfulle dei sto og kika på meg, når eg opna pakka. Og kor fornøygde dei vart, når eg vart gla..

Kva er din ting og din historie?

Eg utfordrar:

Mali-mo

Blåbærpai

Haust

Noralill

Rosa Univers

(Får framleis ikkje til å linka sånn flott eg, snufs. Send den vidare til 2 stk!)

1 kommentar:

Rosa sa...

Hurra for nye utfordringar! Eg har allereie både tatt og sendt den :)

Ha ein fin haustdag!