onsdag 6. august 2008

Så var eg attende!!

Jammen er det kjekt med sommar, berre alle er i form, og det er me heldigvis no.. Sommaren har vore deilig og varm i bygda mi, og me fekk på hagefest hjå systera mi, der me kunne beundra desse flotte rosene-langt oppover veggane..
Min hage ser ikkje sånn ut, og egnar seg ikkje til noko hagefest på mange mange år endå.. Med gustengule fingrar som eg er i besittelse av, er det vel litt andre tilstandar min hage vil enda opp i. Eg har forsøkt å setja nedi både lavendel og georginer, så no er det vel eigentleg berre å kryssa fingrane for min del..

Kaka fekk me og(på hagefest), og plass var det for både liten og stor. Og dei aller heldigaste fekk sitja på fanget til bestemor..
Vel heime frå alle festligheter, må mor stundom vaska både eit og anna. Det var vel eit skrikande forsøk på smitteførebyggjing, men det var vel kansje alt fånyttes. Det går ein del tåteflasker og tutekoppar i løpet av ein dag...
Med to små halvgode i huset, og fire andre med utferdstrang, vart løysinga køyretur.. Og kva er det som veks i grøftekantar? Markjordbær! Me måtte stoppa, plukka og tre på strå.. Og sjølvsagt ta med heim og ta bilde av.. Dei var ganske store, men kansje ikkje so store som dei ser ut som..
Veldig viktige bursdagar har me og teke del i, og han hadde fått seg fotballbanekake! Eg er alltid så imponert over kreativt kakebakande mødre.. Eg er skikkelig dårlig på slikt. Det luraste eg tykkjer eg gjer, er å dela bløtkakebotnen på tvers og snu halvdelane mot einannan og kalla det sommarfuglkake..

Til fjells kom me oss og, alle sju, og det var kjempekjekt..

Det som ikkje vart med dit, det var jo sjølvsagt kameraet mitt.. Men det var vel ikkje anna å vente, når ein pakkar i siste liten, i ein herleg blanding av stress og raseri.. Slik blir det iblant hjå oss. Far spring som eit piska skinn etter kvart som kommandoane haglar frå mor. Mor er byrja å nerma seg rasande etter at dei to største borna seier nei til alt dei får beskjed om å gjera, pluss at dei masar på mor om kor til dømes skoa deira er, som det kan visa seg at dei faktisk har på. Smågutane er utolmodige og gaular, og lille prinsesse lurar på dei underlegaste ting, og masar hol i hovudet på dei to vaksne.

Snart vil eg læra meg å planleggja. Berre ikkje endå.

Er me heldige, så varar sommaren ein månads tid til, sola skin og er varm og fin!

Grønnsaksåkeren er døypt om til ugrasåkeren, men jammen har me fått laga både blomkålsuppe og blomkålsalat, rett frå hagen! Det veks lystigt innimellom "alt det andre", sjølv om ein aldri skulle tru det var mogeleg.. (Lagt merke til fråveret av nydelege kjøkkenhagebilete? Ikkje utan grunn det nei..)

Phu, det synst eg vart mykje (fjas), men no er eg iallefall i gang att!!


2 kommentarer:

Clausewitz sa...

Olá, passem lá no blog do clausewitz e conheçam um pouco do Brasil. Abração

http://blogdoclausewitz.blogspot.com

Trollkåno sa...

Kjekt at du er tilbake, du har vore sakna..håpar du har hatt det bra på tross av stress og kav..... men alle opplever det slik til tider.