søndag 6. juli 2008

Min fyrste premie!

Eg har fått min fyrste bloggpremie, og for ei premie det er! Tenk å få det så på "papiret", at ein lyser litt opp dagen for nokon? Tusen takk Livs! (Får ikkje heilt til å linka avgårde sånn flott) Eg vart kjempekry og kjempegla!
So var det denna historien om den lettare neglisjerte kjøkkenhagen vår.. Faktisk så vert det heilt feil og altfor beskjedent å kalla det hage. Det er snarare ein åker av uante dimensjonar.. Eg er ein heller beskjeden og antageleg og litt bedageleg type. Så då me byrja å snakka om kjøkkenhage (for det var det det var snakk om) så såg jo eg for meg ein liten beskjeden firkant, med ei rand på eit par meter av kvar sort..
Det var ikkje det mannen min tenkte..
Han drog fram traktoren, fann plog og fres og eg veit ikkje kva, og pløydde opp og laga til halvanna mål med grønnsaks"hage"...
At det er tak i mannen min, er jo flott, men det får no vera måte på!
Ikkje fekk me tak i nok setjepoteter til å fylla det svære arealet, ikkje visste me heilt kva me skulle putta nedi resten, og eg er ikkje spesielt glad i å plukka på ugras..
Men til tross for alt. Ugras har mor sjølv plukka i samarbeid med storajento, som vart gripen av ei fantastisk arbeidslyst når betalinga var 2 kroner bøtta.. (Ho sparar til rosa kassegitar..)
Det vart ein del bytter, og personleg oppdaga eg ein nokre artar eg ikkje ante at me (hm mannen min) hadde planta..
Men mors first price poteter, dei kjem det snart blomst på. Og dei har eg sett sjølv..

Sukkerertene fekk seg stativ i går, så no skal dei berre fortsetja å veksa, og forhåpentligvis bera frukt.. Eller heiter det frukt? Belg kansje? Uansett pliis kom noko me kan knaska på!

Eg hugsar når eg var liten, eller eg var faktisk så stor at eg burde visst betre.. Så hadde eg ei venninne som budde i ei kjellarleiligheit hjå ei dame som hadde ein fantastisk kjøkkenhage. Der var det jordbær i rand på rand, sukkererter, poterer, kål, salat alt mulig! og eit drivhus med tomater og agurk.. Eg var så betatt av alt som fannst i denne hagen, og me smeit oss sjølvsagt opp i den med ein gong huseigaren ikkje var heime.. Ein gong skulle ho vere vekke i ei veke. Og eg og venninna mi, åt hagen REIN. Det var omtrent ikkje eit kart att. Skikkelig stygt gjort var det. Eg meiner me vart oppdaga og fekk ei eller anna straff i ettertid. Eg håpar iallefall me gjorde det..

Her kikkar blomkålen fram! Den er ikkje stor endå, men den er på veg! No er det berre å kryssa fingrane og håpa at det ikkje kjem kålåmer og et dei opp.. Det var kome åmer på brokkolien, og mannen min har lettare hysterisk spraya dei med zalovatn, og plukka dei vekk manuelt. Og det ser ut som angrepet er stoppa..


Så no må me berre passa på å plukka ugras, åmer og vatna litt, så trur eg me får ein fantastisk avling utover sommaren.
Så får eg berre kryssa fingrane for at heile familien sin sommarforkjølelse går over snart, at smågutane byrjar å sove godt om dagen att, og at lille prinsesse sluttar å sovne midt på dagen, ståande på golvet med overkroppen på ein stol, søv i tre timar, og er sjølvsagt strålande opplagt til klokka er eitt om natta..
Storingane mine, skal på ferie med besto si i hallingdal snart. Og eg kjem til å sakna dei massa masse.. Men det er nok godt å få fri frå resten av syskenflokken og..
Trur kansje eg hadde trengt eit lite friminutt sjølv og..
Ha ei strålande veke i vente!
Premien sender eg vidare til:
(vent i spenning. Blir fyllt inn litt seinare..)

5 kommentarer:

Rosa sa...

eg sitt her og småfniser for meg sjølv - du sriv godt. Ser for meg bonden sjølv som skal lage kjøkkenhage til mor - då er det jo fort å overdimensjonere litt ;)

Ser herleg ut, med så mykje godt frå eigen hage! Så får me håpe de slepp unna storinnrykk frå åmer og fantaskap!

Liv sa...

....og eg ser for meg åmene i flokk og fylgje, kom, blomkål og brokkoli i lange banar rett her borte....
Nei den var ikkje fin, kunne berre ikkje dy meg, men då me hadde dei på besøk i tomatene, var manuell bekjmping det som nytta best, TRØ PÅ DEI, og det var vel det som var kjekkast og, me er litt sadistar......

mali-mo sa...

Heehe. Og når jeg skriver jøkkenhage, mener jeg en jordflekk på 2x2 meter, bestående av ugress ;)

Må si jeg ble imponert her! Han der mannen din må gjerne ta med traktoren en sving innom tunet her any time! Avlingen ser jo fantastisk ut. Det er DEN drømmen; hjemmeavlede (heter det det?) grønnsaker...sukk. Kanskje neste år...altså, hvis traktoren kommmer ;) God sommer!

mali-mo sa...

ikke jøkkenhage da...men Kjøkkenhage. ;)

Blåbærpai sa...

Heldige du som har så ivrig og flink bondemann!!
Eg har hatt diverse kjøkkenhage -prosjekt oppigjennom åra men har ingenting i år. Dvs eg har nokre urter og kryddeplanter ,that`s it.
Heldige du som får eit lass med heimaproduserte grønsaker!
Og det vert sikkert litt godt å ha berre noko av ungane heime;-) Me har sendt avgarde dei to største på ein liten ferietur og det er jo himmel!Får jo so mykje betre tid når berre tre er heime..hehe

Fortsatt god sommar! Og heng i med åme-kverkinga!!