søndag 29. juni 2008

Sjangalabangala!

Hurra! Me har fått dei fyrste fruktene (eller eigentleg grønnsakene) av kjøkkenhagen vår!!
To små reddikar som måtte fotograferast på "bestefatet"..
Eigentleg eit lite under at dei er såpass, sidan herr og fru kjøkkenhage har vore so fantastisk opptekne, at det er blitt lika mykje ein ugrashage..
Tragisk, sidan me hadde så store planar..
Men der det er liv er det håp, og liv er det faktisk, mellom ugraset gror det..
(Dette er og då grunnen til at eg galant har hoppa bukk over alle grønnsaksrelaterte innlegg:)

I helga har eg feira bursdagen min, og storajento mi har heilt sjølv vore å kjøpt ein aldeles nydeleg lavendel til meg.. (Kansje ho fekk eit lite dytt i riktig retning..) No må eg berre få kickstarta desse truleg ytterst latente grøne fingrane mine, for ein lavendelmassakre ville jo blitt ein stor tragedie.. Niesa til mannen min, kom berandes med desse flotte georginene til meg! Kjempestore og kjempefine! Dei skal eg kosa meg inne med ei stund, og så skal eg planta dei i hagen. Forhåpentligvis så kjem dei att, år etter år..

Det byrjar visst å hasta litt med desse fingrane ja..

Det einaste eg ynskte meg av mannen min, var tre høner..

Det fekk eg ikkje, men han lova på tru og ære at det ikkje var ei høne å oppdriva i heile bygda..(Det skal eg vel på eit vis vera gla for sant vel..?)

Men han har visst alliert seg med ein nabo, og høner skal det bli her i løpet av sommaren. Hane og, for dei passar på at hønene oppfører seg skikkelig.. Det er forresten litt snodigt, for sånn er det jo på eit vis med oss mennesker og.. Om du som eg, har arbeidd på ein kvinnedominert arbeidsplass, så er det litt påfallande korleis det endrar seg (arbeidsmiljøet eller samtalen) om det kjem ein mann..

Er det verkeleg sånn, at ein mann på eit vis kan få kvinner til å oppføra seg litt betre? Vert me litt blidare og meir omgjenglege rundt ein mann?

Eg trur faktisk det..(Med stor fare for å bli piska av einkvar feminist der ute..)

Mannen min, gav meg sjølvplukka markblomar til bursdagen min.. Det var så kjekt at eg grein ein skvett.. Eg grein av gåva frå ungane og. Og ikkje minst kortet dei hadde skrive til meg, med kjære mamma, og gla i deg..

Storebror smeit seg ut ifrå heile bursdagsførebuinga, og spikra ein minikrakk til meg! Den var kjempefin, og eit ekta handtverk! (Kan sjå den under blomane!) Storesystera mi, hadde laga eit makramesmykke til meg.. Det har eg på meg, så trendy er eg og! Mammo mi hadde kjøpt blender til meg, pluss at ho vaska opp både før og etter selskapet! Tusen takk mammo mi:) Du er god å ha! Svigerforeldra mine gav meg pengar, og dei skal eg prøva å bruka fornuftigt! Kansje til staudar eller ein rosebusk?

Men slitsomt er det å laga til desse bursdagane. Kva søren er det eg skal feira meg sjølv for eigentleg? For all del, det er kjempefint å samla familien, og kjekt å få fine gåver.. Men kva er det eg feirar? Eitt år eldre? Større rumpe? Nye rynker?

Snart skal eg vel feira at eg framleis er frisk og i live..

Ja ja. Det er lov å filosofera litt når ein eldast..

Tusen hjarteleg takk for kjekke kommentarar! Det er kjempemorro å få litt feedback! Og vil nokon linka meg, så link i veg:)

Ha ei fin fin veke i vente! Eg skal luka ugras, for det er meldt sol!

4 kommentarer:

Rosa sa...

Tillukka med dagen, då! høyrest ut som ei fortreffeleg feiring av fleire rynker :) Forhåpentlegvis smilerynker, ikkje sant?

Og grattis med reddikane òg. Det må vere kjekt å hauste frå eigen hage.

Ei god veke til deg og dine!

Noralill sa...

Gratulera med vel overstått!! Kjekt å sjå litt av gåvene... Me kjem nok ein tur om ikkje så lenge...

Liv sa...

Gratulere med overstått dag!

Du har nok ikke så mange rynker som meg, men som dattera mi sier, "Mamma, det skal vise at du har levd ei stund". Så det får være trøsten og det vi feirer!

Det er kjekt å kunne høste fra egen hage også, og dere i Voss har vel sikkert moreller snart. Vi kan snart begynne på de første av det slaget. Gleder meg.

Det ligger forresten noe på bloggen min til deg.

mali-mo sa...

Gratulerer med dagen! Feire rynker...eller gråe hår...eller lykken ved å ha kommet inn i livet ;)

Nydelige gaver du hadde fått av ungene dine. Kommer nok til å grine litt eg og når lillemalien lager bursdagskort til mammaen sin ;)

Reddikene såg herlige ut! Eg skulle liksom ha grønnsakshage ifjor, men endte opp med ugressåker og tomater som ble til jord igjen fordi eg glemte de...huff.