torsdag 20. mars 2008

Påske påske påske!!

Påskekyllingar, gule og fine, pyntar opp i vindauga mine!!
Øverst er kunstnaren guten min på 9,
nedanfor jenta mi på snart 12..

Kvart år kjem dei blide, krye og fornøygde heim etter å ha hatt påskeverstad på skulen.
I år vart det kyllingar på ei grein, og ein liten påskeduk - som eg fekk -
men so vart tatt tilbake, og deretter sist sett..
Slik kan det vera, ein er visst ikkje alltid god nok.
No er dei eldste to avlevert hjå pappen sin, slik at ei stakkars mor skal få kjenna kor tomt det er her utan "bråkmakarane" mine.
Saknar dekan alt nr 1 og nr 2 - begge lika go`..
Nr 3, 4 og 5 har pappen her i huset trygt og godt fått i seng..
Då har mor tid til å blogga pittelitt.
Påsketid vert synonymt med oppussingstid her i huset i dalen.
Storajento mi ver 12 år no i april, og då er det på tide å få nytt stort rom.
Mor har kjøpt inn maling i bøtter og spann (bokstavelig talt),
rommet er ferdig sparkla og pussa, og knallblåe veggar er SO klare for å bli kvite..
Gammalt ihel-lakka golv skal bli grått, ein farge eg er skikkeleg spent på korleis den blir på golvet..
Ny seng er alt kjøpt inn, og IKEA-katalogen vart inngåande granska tidligare i dag..
Eg ser tusenlappane flagra...
Trur eg må prøva å ta nokon før bilder, gler meg!
In between.. GOD PÅSKE!
Påske-egget mitt er på forrige innlegg, det er frå Lisbeth Dahl, det skal eg fylla og kosa meg med, når eg har måla ferdig vel å merka.
Hej då:)

1 kommentar:

Blåbærpai sa...

oi oioi! FOr ein energi! Håpar å få sjå før og etter bilder av rommet!
Og du, den øvste påskekyllingen var jo ganske søt då..hi hi!