tirsdag 18. mars 2008

Påske!


Ja, no er det den tida på året att, kor eg skal ha dårleg samvet for at eg ikkje likar å gå på ski. Eg likar ikkje å gå innover i ein skog, eller utover endelause vidder med ski på beina..
Eg får ikkje noko fantastisk friheitskjensle av det. Enten er eg kald for eg har for lite kle på meg, eller vinden har bestemt seg for å blåsa gjennom marg og bein.. Eller så blir eg for varm, for eg slit og har bakglatte ski-eller gangsperr eller altfor tung sekk.. Ungane syter og klagar: "Mamma du e so treig!" eller "No gidd eg ikkje venta på deg lenger!" Takk då, tenkjer eg, mens eg gneg meg vidare, med litt for korte stavar.. Eller så blir samtlige turdeltakarar flaue for eg dett på flatmark. Kansje eller skal eg sei gjerne, fleire gonger.. Folk som kjem bak blir litt irriterte på "den dama som lagar enorme rompemerker midt i skisporet". Ikkje synst eg det er stas med nista heller. Skiva er turr, og smakar av pålegget på skiva under (som ofter er geitost, som eg ikkje likar), og kakaoen er akkurat så varm at ein brenner seg skikkelig på tunga, pluss at det ikkje er noko godt med varm drikka når ein er varm og sveitt (tenkjer med gru på varm saft etter skuleskirenn!!).. Og så er det appelsinene då.. Ein har sjølvsagt tatt med seg den med hardast skal, og så har ein nesten ikkje negler, eller ein har fallt for fristelsen å bita ei av dei litt for mykje, slik at det svir når ein skal renska.. Og så renn det, appelsinsaft på innsida av håndleddet, innom den helst litt lodne ullgensaren, veter ut bomullsgensaren og fleecegensaren (som ein tok på seg for ein var redd for å frysa, som ein angra på at ein tok på etter cirka 150 meter då sveitten stokk..) og når til slutt ulltrøya, slik at den vekslar på å gnaga og klistra seg resten av turen..
Beklagar min manglande entusiasme.. Eg har for all del hatt gleden av nokon fine turar og, men aldri heilt klart å bli glad i dette "urnorske" fenomenet.
Men å kosa meg i solveggen klarar eg godt, eller å rusla på berre vegar, med småsko..
Eg føler ingen utstrekt trang til å oppsøka snøen, når den endeleg er vekke rundt hushjørna.. Men no har den vore her i fem lange månader og då.. Det synst eg klarar seg..

2 kommentarer:

Blåbærpai sa...

ha ha ha! Ja, slik er det!Eg kjenner att den der følelsen der sveitten støkk og alt irriterer.
men, det gjer godt og så er det så utrulig god følelse etterpå..he he!

God påske til deg og alle dine!

Noralill sa...

Ja du er lik deg du...me har akkurat vore på ski,nedoverski altså...og hatt det kjempekjekt! Men ski-livet er vel ikkje for alle, og slett ikkje alltid like kjekt. Men eg må innrømme eg til dags dato aldri har angra på at eg tok ein skitur...er stort sett veeeldig godt å kome heim til varm ovn etterpå. Men du skriv godt! Ha ein fin påske vidare! Klem