tirsdag 25. mars 2008

Eg er so heldig!

Tenk å få vera so heldig, og vakna opp til strålande solskinn, 5 minusgrader og heilt tydelege bevis på at påskeharen faktisk har vore på besøk hjå oss!!
Det bøtta ned att med snø i påsken, men kva gjer vel det?
Eg er så heldig på så mange vis, at eg føler ei lita trang til å nett få det skriftleg..
I denne tida då "slow" er blitt ein trend, eller kansje ein liten luksus, så er eg her
i mitt hus i ein dal
og har muligheiten til verkeleg å bestemma over meg sjølv..
Er ungane sjuke (noko dei heldigvis ikkje har vore i vinter bank i bordet)
så kan eg berre la dei sova til dei vaknar..
Det er faktisk blitt eit privilegium det.
Eg kan ver vaken så lenge eg vil om kvelden, for eg har ingen kollegaer eg treng vera opplagt for, og om eg er veldig trøytt når dei to store er gått på skulen, so kan eg legga meg litt att, til dei tre små vekkjer meg med hopp og sprett og "røø" og "krr"..
Eg treng ikkje tenkja på at permisjonen min snart er slutt, at eg må jobba for å betala studielån eller huslån eller billån (da betala mannen min, hehe)..
Eg kan berre kosa meg heima med alle dei små, gle meg til dei store kjem frå skulen, og iallefall veta sånn omtrent kva middagen blir når mannen min kjem heim, eller av og til ha den klar (ikkje er eg blant dei mest organiserte nei..).

Eller så kan eg og iallefall 60% av ungane mine rusla ein tur når veret er fint, og det er det jo ofte, iallefall no i brytning mellom vinter og vår.. Me kan gleda oss til å nyta sommaren, som forhåpentligvis vert fin i år, og me kan nyta den kvar dag! Ikkje berre håpa at "det held seg" til helga..

Kvardagane er så stappa fulle av mas og kjas. Ungane våre er store før me får snudd oss rundt. Eg er så glad for at eg kan vera med på livet deira, at det er eg som har lært dei korleis bokstaven deira ser ut, at det var meg dei viste kor stor dei var fyrste gongen dei skjøna poenget..
Eg er så heldig at dette er livet mitt, at eg har muligheiten til å delta i det - livet!

Eg er klar over at ikkje kvar og ein kan eller ynskjer å leva som meg, valet er fritt, valet er ditt. Om ein vil så kan ein..

3 kommentarer:

Blåbærpai sa...

Nydelig skreve!
Vart beint rørt eg og eg kunne ikkje vera meir einig!
Jammen er du heldig!(Eg òg!):-)

Anonym sa...

Hei. Nydeleg skrive dette. Men må berre sei at eg er uenig i siste setning. At om ein vil så kan ein. Ikkje alle kan. Samme kor mykje eg vil f eks så kan eg ikkje. Eg har to små born som eg elskar over alt på jord. Men med ein sjuk mann er det berre eg som har inntekt i familien her. Er ikkje eg i jobb så har ikkje me mat på bordet i denne familien. Du er kjempeheldig og superpriviligert som har mulighet til å vere heime. Misunner deg det. Men ikkje tru at alle som vil kan. Desverre er det ikkje slik.

Anonym sa...

Grattis till tvillingar! Hjärlig!

Jag lämnade bara mitt fotspår hos dig och hoppas du kom förbi hos mig ngn gång.

Ha en trevlig söndag.
//chie
http://pikitinianos.blogspot.com